NORMAND VISION
LYSNING I SIKTE: Biletet er frå dåpen av offshorefartøyet Normand Vision i 2014, i det krisa for offshorereiarane var like om hjørnet og nybygginga stoppa opp. No har aktørane i aksjemarknaden fått trua på lysare tider. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Offshore vinner på Oslo Børs

Optimismen i reiarlaga smittar over på aksjonærane. Alle med unntak av eitt, har stige kraftig i år.

20.03.2022

ANALYSE

Med eitt unntak har aksjekursane til offshorereiarlaga stige kraftig hittil i år, frå 48 til 194 prosent, som du kan sjå i tabellen i denne artikkelen.

Det er langt over dei generelle indeksane for børsutviklinga samla, OBX Total return (3,8 prosent) og Oslo Børs benchmark index (2,3 prosent).

Unntaket er Havila Shipping. Aksjen hadde til skilnad frå dei andre selskapa ein markert kursauke etter sommaren 2021, og ligg no framleis 56 prosent over nivået frå før kursen byrja å stige.

Hovudforklaringa for kursauken er truleg ei rekkje positive meldingar frå offshorereiarlaga sjølve. Fleire har fått båtar ut av opplag, lengre kontraktar og betre betaling (rater) for å leige ut skipa.

Talet på fartøy i opplag er minkande. Ein del av dei som ligg i opplag kjem sannsynlegvis heller aldri i arbeid igjen.

Fleire skip i opplag er for gamle og kostar for mykje til at det vil løne seg å gjere dei klare for arbeid. Det er vurderinga til skipsmeklar Sølve Høyrem i meklarselskapet Westshore, som NETT NO skreiv om tidlegare denne veka. Han spår at det kan bli bygd nye offshorefartøy innan eitt til to år.

Alle skipa i opplag har vore med på å halde ratene nede i årevis. No er den faktoren i ferd med å bety mindre og mindre, etterkvart som også etterspørselen tek seg opp.

Oppsvinget for offshorereiarlaga er ikkje eit særnorsk fenomen. Tidewater, verdas største offshorereiarlag med over 200 skip i flåten, har nesten dobla seg i verdi sidan årsskiftet og fram til i dag. (Solstad Offshore, det største norske selskapet, har 90 fartøy.)

Allereie før Russland gjekk til krig mot Ukraina var oljeprisen på veg oppover. Det stimulerer oljeselskapa si interesse for å leite og bygge ut oljefelt. Krigen, og verknaden den har på oljeprisen, gir utviklinga som var i gang eit ekstra løft.

Interessa frå Europa for å frigjere seg frå å vere avhengige av russisk olje og gass vil forsterke etterspørselen etter alt som kan auke energiproduksjonen i Europa. Både gass- og oljeutvinning og vindkraftanlegg til havs gir arbeid til offshorereiarlaga, og no kan dei få meir av begge deler.

Alt dette gjer grunnlaget for offshoreoppturen i aksjemarknaden meir solid.

Ei uvisse som truleg dempar kursveksten i offshoreaksjar er den framleis høge gjelda i selskapa, og kva selskapa vil gjere om inntektene og lønsemda i selskapa aukar. Med meir optimisme i marknaden må det vere freistande å utnytte den til å hente inn meir eigenkapital, og dermed gjere selskapa meir solide og betre i stand til å takle svingingar i marknaden.

Ei kapitalutviding gjer at dagens aksjar blir utvatna. Det betyr at aksjonærane som ikkje blir med på den eventuelle kapitalutvidinga sit att med ein mindre andel av selskapet. Dess meir eigenkapital som blir henta inn, dess større utvatning av eksisterande eigarar. Reduksjonen i eigarandel kan kompenserast av stigande aksjekurs, men kursauken er ikkje garantert.

Offshore-opptur
Kursutvikling for offshorereiarlaga hittil i år
SelskapEndring i %Verdi i mill. kroner
Solstad Offshore193,771.231
Siem Offshore113,241.732
Golden Energy Offshore Services85,3363
Viking Supply Ships79,37555*
Eidesvik Offshore62,65411
Dof48,4279
Havila Shipping-0,2498
* Viking Supply Ships er børsnotert i Stockholm. Verdi i svenske kroner

Publisert: 20.03.2022 06:00

Sist oppdatert: 29.03.2022 09:10