Anders opedal IKKE GJENBRUK equinor foto NTB scanpix 11
GODE TAL: Konsernsjef Anders Opedal legg onsdag fram eit rekordsterkt resultat for fjerde kvartal i fjor. Biletet er frå presentasjonen for tredje kvartal. Foto: Terje Pedersen / NTB
Nytt

Rekordgode Equinor-tal

Aukar utbytte og trekker opp børsen etter rekordhøgt resultat.

09.02.2022

Equinor fekk eit justert driftsresultat på 15 milliardar dollar, eller 132 milliardar kroner, i fjerde kvartal. Årsaka er auka olje- og gassprisar.

– Vi skaper betydelege verdiar frå høge olje- og gassprisar med svært god drift og auka produksjon. Dette gjer at vi leverer eit rekordhøgt justert driftsresultat etter skatt i kvartalet og eit sterkt resultat for året samla sett, seier konsernsjef Anders Opedal i ei pressemelding.

Opptur på børs
Resultatet var med å trekke aksjekursen på Oslo børs opp med kring tre prosent frå start onsdag.

Aksjane til oppdrettsselskapa Atlantic Sapphire og Salmon Evolution med base på Nordvestlandet toppa taparlista tysdag. Nedturen held fram ved børsåpning onsdag for Salmon Evolution, medan Atlantic Sapphire-aksjen er svakt i pluss etter kring ein halvtimes handel.

Rekordhøgt driftsresultat
I fjerde kvartal i fjor leverte selskapet eit rekordhøgt justert driftsresultat på 15 milliardar dollar, som svarer til 132 milliardar norske kroner. I same kvartal i 2020 var resultatet på 0,76 milliardar dollar, eller 6,7 milliardar kroner.

For 2021 samla sett vart det justerte driftsresultatet etter skatt på 10 milliardar dollar, eller 88,2 milliardar kroner.

Equinor forventar at dei i 2022 vil betale 12,2 milliardar dollar i skatt frå norsk sokkel, tilsvarande 107,4 milliardar norske kroner, knytt til 2021-resultata. Det svarer til 6,9 prosent av inntektene staten i samband med statsbudsjettet berekna å få i 2022.

Auka produksjonen
I løpet av året auka Equinor produksjonen av olje og gass med 3,2 prosent.

I fjerde kvartal pumpa selskapet i snitt opp 2,158 millionar fat olje per dag, som er ein auke på 115.000 fat per dag samanlikna med fjerde kvartal i 2020.

– Pandemien påverka framleis aktivitetsnivået i 2021, men marknadene henta seg inn med høge prisar, spesielt i andre halvår. I Europa auka energiprisane til rekordnivå, noko som hadde innverknad på industri og samfunn. Equinor har fokusert på sikker og stabil drift som ein påliteleg energileverandør. Saman med partnarar og styresmakter la vi til rette for ein betydeleg auke av produksjonen av gass til Europa, seier Opedal.

På leiting og produksjon i Noreg vart driftsresultatet rekordhøgt som følgje av høgare prisar, auka gassproduksjon og produksjon frå nye brønnar og felt samanlikna med same kvartal i fjor.

Aukar utbyttet
Som følgje av det gode resultatet foreslår styret i Equinor å auke aksjeutbyttet til 20 cent per aksje, som er ein auke frå 18 cent. I tillegg foreslår styret eit ekstraordinært utbytte på 20 cent per kvartal, frå fjerde kvartal 2021 til og med tredje kvartal 2022. Grunnen til dette er mellom anna dei høge råvareprisane i andre halvdel av 2021.

Dei skal òg auke tilbakekjøpprogrammet for 2022 til opptil 5 milliardar dollar, tilsvarande 44 milliardar kroner. Tilbakekjøp av aksjar er ein måte Equinor kan føre tilbake pengar til eigarane, i tillegg til utbyttet.

Publisert: 09.02.2022 09:07

Sist oppdatert: 09.02.2022 10:36

Mer om