Havila Castor dåp Per Sævik Foto Havila Kystruten 11
SKIPSDÅP: Per Sævik under dåpen av skip nummer to - Havila Castor - i Ålesund førre veke. Investeringa i dei fire skipa er den største reiselivsinvesteringa i Norge på meir enn 30år. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Børsdagen: Kystruten bikka milliarden

Aksjekursen i reiarlaget er tilbake på før-sanksjonsnivå etter ny opptur.

Marius Rosbach
22.11.2022

Havila Kystruten vart igjen vinnaren av selskapa frå Nordvestlandet tysdag på lågt volum i børshandelen.

Dagen i forvegen opplevde reiarlaget en jojo-dag – men enda i pluss. Tysdag om ein ny opptur for aksjen på 7,89 prosent til 20,50 kroner.

Kursen prisar selskapet til 1,02 milliardar kroner.

Det er om lag same nivå som aksjen var på då reiarlaget fekk nyheita om at seglasene deira vart ramma av sanksjonar som følgje av Russlands invasjon av Ukraina.

Også Hexagon Purus-aksjen hadde ein god dag etter at selskapet melde om sin første avtale med ein tysk kunde.

Dagens tapar av selskapa frå regionen vart Hofseth Biocare med ein nedgang på 4,51 prosent - også det etter handel med lågt volum.

Oslo Børs gjorde et byks tysdag og hovudindeksen gjekk opp heile 2,06 prosent til 1.193,23.

Oppgangen kom etter at oljeprisen hente seg inn etter eit fall dagen i forvegen. Då børsen stengde var oljeprisen stege 1,7 prosent til over 89 dollar fatet.

Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Kystruten 20,5 7,89 %
Hexagon Purus 23,68 5,24 %
Havila Shipping 14,54 3,86 % |
Hav Group 10,7 2,69 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,25 2,20 %
Norva24 Group * 32,14 1,18 %
Hexagon Composites 27,12 1,12 %
Atlantic Sapphire 7 0,79 %
Statt Torsk 2,05 0,49 %
Arctic Bioscience 14,95 0,00 %
Golden Energy Offshore Services 1,9 0,00 %
Nortel 21 0,00 %
Sparebanken Møre 77,05 -0,51 %
Endúr 32,29 -2,00 %
Salmon Evolution 8,07 -3,35 %
Hofseth Biocare 2,75 -4,51 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 22.11.2022 16:57

Sist oppdatert: 22.11.2022 17:30

Mer om