Havila Castor i vind olav breen opphav havila kystruten
FLAGGDAG: Havila Kystruten og Havila Holding, eigar av 43 prosent av selskapet, har all grunn til å feire med den enorme kursauken dei siste dagane. Her illustrert ved Kystruten-skipet Havila Castor. Foto: Olav Breen/Havila Kystruten.
Nytt

Børsdagen: Kystruten over 2 kroner

Papirgevinst i hundremillionarklassen for Per Sævik og dei andre aksjonærane i Havila Holding.

Linn Antonie Vårdal Solheim
27.07.2023

Etter at milliardgrepet til Havila Kystruten gjekk i hamn, har det tilsynelatande ikkje vore grenser for veksten til Kystruten.

Torsdag i 11.15 handlast Kystruten-aksjen til 2,01 kroner, ein auke på 8,65 prosent frå gårsdagens sluttkurs.

Klokka fire har kursen stige ytterlegare, og aksjen handlast for 2,09 kroner klokka 16 - med ein auke på 12,97 prosent.

Kystruten avsluttar dagen på 1,98 kroner, eit godt stykke under dagens toppunkt på 2,2 kroner.

Så høg har ikkje kursen vore sidan det kriseramma selskapet i midten av juni annonserte ein retta emisjon, og kursen regelrett kollapsa.

Det har den siste tida blitt gjennomført to rundar med retta emisjon. I den første runden blei Havila Holding tildelt 423 036 363 såkalla "Nye Aksjer" til ein teikningskurs pålydande 1,10 kroner per aksje. Det melde finansdirektør i Havila Holding, Arne Johan Dale, i ei børsmelding.

Omrekna til ein kurs på 1,98 kroner per aksje, som kursen slutta på i dag, tilsvarer det ein papirgevinst på svimlande 373,3 millionar.

I den andre runden av emisjonen gjekk Havila Holding inn med 40 milliardar euro, og teikna eit ukjend antal aksjar til ein kurs på ei krone per aksje. Til noverande kurs på 1,98 kroner, har styreleiar Per Sævik og dei andre aksjonærane ei urealisert avkastning på 98 prosent.

Denne kjem i tillegg til gevinsten frå den første emisjonsrunden.

Transaksjonen er ikkje fullført, og aksjane er ikkje enno usteda - men gitt at det ikkje blir fleire skot for baugen for reiarlaget kan dei le heile vegen til banken i den næraste tida.

Saka er oppdatert i løpet av dagen, og tabell med oppdaterte kursar lagt inn i artikkelen etter handelsslutt.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Kystruten kr 1,98 7,03 %
Hexagon Composites kr 28,54 6,89 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,82 3,68 %
Arctic Bioscience kr 10,35 2,99 %
Nortel kr 26,80 1,52 %
Salmon Evolution kr 6,72 1,20 %
Hexagon Purus kr 21,50 0,94 %
Endúr kr 40,20 0,50 %
Havila Shipping kr 12,90 0,47 %
Statt Torsk kr 0,56 0,00 %
Sparebanken Møre kr 76,50 0,00 %
Hav Group kr 10,30 0,00 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,24 -0,16 %
Norva 24 Group* kr 26,95 -0,19 %
Atlantic Sapphire kr 6,01 -0,50 %
Hofseth Biocare kr 3,00 -2,60 %
* Kurs i SEK

Publisert: 27.07.2023 11:42

Sist oppdatert: 27.07.2023 16:58

Mer om