Børsdagen: Lite handel, store utslag
Statt Torsk dagens børsvinnar på Nordvestlandet.
Aksjehandel for tilsaman 25.789 kroner var nok til å løfte kursen i torskeoppdrettselskapet Statt Torsk over 29 prosent, til 0,70 kroner aksjen i ettermiddag, før den fall til 0,66 øre på slutten av dagen. Det er ein oppgang på 22,22 prosent samanlikna med kursen ved børsslutt i går.
Statt Torsk skal slåast saman med Vesterålen Havbruk, men er førebels notert på Olso Børs i påvente av godkjenningar og formalitetar er på plass.
Dagens kurshopp er ein illustrasjon på at det ikkje alltid er nyhende og harde realitetar bak så store kurshopp, men at det også kan vere eit resultat av lite handel i aksjen, der sjølv små postar og små beløp gir store relative utslag.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Statt Torsk | 0,66 | 22,22 % |
Salmon Evolution | 6,19 | 4,38 % |
Hexagon Purus | 11,18 | 4,10 % |
Hexagon Composites | 25,46 | 2,66 % |
Sparebanken Møre | 76,62 | 1,83 % |
Havila Kystruten | 0,81 | 0,75 % |
Eqva | 2,70 | 0,75 % |
Norva 24 Group* | 18,66 | 0,43 % |
Hav Group | 9,20 | 0,00 % |
Endúr | 43,40 | -0,23 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,22 | -0,65 % |
Atlantic Sapphire | 1,25 | -0,79 % |
Hofseth Biocare | 2,65 | -1,85 % |
Havila Shipping | 6,39 | -2,29 % |
Arctic Bioscience | 8,48 | -2,53 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 14.11.2023 17:30
Sist oppdatert: 14.11.2023 17:32