Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Fredag slutta hovudindeksen på Oslo børs med ein oppgang på 0,16 prosent til 1631,88 poeng. Det gav ei veke med ein samla oppgang på 1,5 prosent.
For dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet har det stort sett vore ei stille veke.
To selskap, Golden Energy Offshore Services og Arctic Bioscience, har likevel kome med vesentlege nyheiter.
Offshorereiarlaget frå Ålesund fortalde måndag at dei hadde fått på plass ei ny finansieringsløysing.
Trass i at reiarsjef Per Ivar Fagervoll omtala avtalen som ein «game changer» som halverte reiarlaget sine månadlege kapitalkostnader – førte det ikkje til store utslag for aksjekursen.
Sluttkursen fredag for Golden Energy Offshore-aksjen var på 19,30 kroner, 0,52 prosent under kursen då veka starta.
Arctic Bioscience kunne dagen etter fortelje om resultata av ein stor internasjonal studie for eit psoriasismiddel dei håpar å få godkjent som legemiddel.
Trass i at placebo-effekten er framleis var eit mysterium, gjorde resultata Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug trygg på at middelet vil nå marknaden.
Effekten var ein oppgang for Arctic Bioscience-aksjen frå start onsdag, men sidan fall den tilbake.
Fredag er sluttkursen 3,75 kroner. Det er ein oppgang på 15 prosent i løpet av veka – men framleis langt under nivået aksjen hadde i fjor haust kring 13 kroner.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,75 | -2,60 % |
| Atlantic Sapphire | kr 9,00 | 3,32 % |
| Endúr | kr 87,90 | 0,00 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 19,30 | 0,00 % |
| Hav Group | kr 7,16 | 1,42 % |
| Havila Kystruten | kr 1,36 | 0,00 % |
| Havila Shipping | kr 1,40 | -0,36 % |
| Hexagon Composites | kr 18,50 | -2,32 % |
| Hexagon Purus | kr 2,18 | -3,75 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,85 | -0,27 % |
| Tinde Sparebank | kr 122,02 | -0,96 % |
| Salmon Evolution | kr 6,17 | 0,65 % |
| Sparebanken Møre | kr 107,24 | 0,34 % |
Publisert: 04.07.2025 18:02
Sist oppdatert: 04.07.2025 18:03






