Christer Valderhaug Converto foto Ogne
OPPTUR: Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug kan notere at aksjen gjekk litt opp etter nyheita om godkjenning i EU og EØS-området. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Liten opptur på minusdag

Godt nytt for Arctic Bioscience at kursauken ikkje vart større etter EU-godkjenning.

Marius Rosbach
07.03.2023

Arctic Bioscience fortalde i ei børsmelding tysdag at dei har fått godkjenning for EU og EØS-området, for ein studie i arbeidet med å utvikle eit legemiddel mot psoriasis.

Det gjer at selskapet kan utvide ein stor studie til fire nye land.

Reaksjonane på Oslo børs var ein forsiktig oppgang for Arctic Bioscience-aksjen på 1,96 prosent til 13 kroner aksjen tysdag formiddag. Det vart også sluttkursen og prisar selskapet til 317 millionar.

At aksjen ikkje steig meir, er paradoksalt godt nytt for Arctic Bioscience - fordi det indikerer at investorane hadde trua på at selskapet ville få ei godkjenning.

Det har vore store svingingar i aksjen dei siste månadene, men trenden dei siste vekene peikar oppover etter eit botnnivå på 10 kroner i midten av januar.

Ørsta-selskapet fekk godkjenning frå britiske styresmakter i januar, og dei første pasientane der er allereie i gong. Med den nye godkjenninga på plass, kan dei utvide studien som planlagt til Norge, Finland, Tyskland og Polen.

Til saman skal den store internasjonale studien omfatte 519 pasientar i dei fem landa. No startar arbeidet med rekruttere pasientar i desse landa. Det er venta at dei første resultata frå undersøkinga vil vere tilgjengelege eit halvår etter at siste pasient er inkludert.

Dei fleste selskapa frå Nordvestlandet enda i minus på børsen tysdag. Det gjorde også hovudindeksen på Oslo børs, som gjekk ned med 0,8 prosent til 1.245,34.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hav Group 13,1 3,15 %
Arctic Bioscience 13 1,96 %
Hexagon Composites 39,36 0,92 %
Endúr 38 0,42 %
Nortel 26,2 0,00 %
Salmon Evolution 8,21 0,00 %
Norva24 Group * 31,12 -0,89 %
Sparebanken Møre 86,98 -0,93 %
Hofseth Biocare 3 -1,32 %
Hexagon Purus 28,26 -1,94 %
Havila Kystruten 9,7 -2,81 %
Atlantic Sapphire 6,7 -3,87 %
Statt Torsk 1,36 -4,56 %
Havila Shipping 17,5 -4,79 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,325 -4,86 %
Golden Energy Offshore Services 1,435 -6,51 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 07.03.2023 11:38

Sist oppdatert: 07.03.2023 17:19

Mer om