Havyard
OPPTUR: Den tidlegare Astrup Fearnley-toppen Even Matre Ellingsen er no styreleiar i Havyard Group. Foto: BKS
Nytt

Børsdagen: Lyspunkt på raud dag

12 av 16 selskap frå Nordvestlandet fall. Verst gjekk det utover Atlantic Sapphire.

Marius Rosbach
19.09.2022

Måndag vart ein ny dag i minus for aksjeinvestorane på Oslo børs, men det gjekk ikkje så ille som det låg an til frå starten.

Midt på dagen var hovudindeksen ned med kring 3,2 prosent, men utover ettermidden styrka marknaden seg.
Ei nedgang på 0,72 prosent var fasiten for hovudindeksen då dagen var slutt.

Heile 12 av 16 selskap frå Nordvestlandet fall måndag.

Verst gjekk det utover Atlantic Sapphire, som fall 13,74 prosent til ny botnnotering på 12,49 kroner aksjen.

Havila Shipping-aksjen var gått ned med 10,34 prosent då dagen slutta til 9,02 kroner aksjen. Også Golden Energy Offshore var ein periode ned tilsvarande, men henta seg inn mot slutten av dagen og enda med eit fall på 5,07 prosent.

Havila Kystruten var einaste selskapet frå regionen som kom med nyheiter måndag. Selskapet la fram halvårstal som var prega av sanksjonar og forseinkingar.

Havyard Group gjekk motstraums og var tidleg i handelen dagens børsvinnar med ein oppgang på 7,19 prosent. Fasiten på slutten av dagen av ein oppgang på 6,79 prosent til 3,42 kroner aksjen. Det var nest best utvikling av aksjane på børsen måndag.

Også Arctic Bioscience hadde ein god dag med ei stigning på 3,70 prosent til 14 kroner.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havyard Group 3,415 6,72 %
Arctic Bioscience 14 3,70 %
Hofseth Biocare 3,45 1,17 %
Nortel 20 0,00 %
Havila Kystruten 18,3 -0,27 %
Norva24 Group * (ikkje avslutta) 31,64 -1,98 %
Sparebanken Møre 70,75 -2,01 %
Salmon Evolution 8,21 -3,18 %
Hexagon Composites 24,82 -3,35 %
Hav Group 11,34 -3,90 %
Golden Energy Offshore Services 2,06 -5,07 %
Statt Torsk 2,31 -5,33 %
Hexagon Purus 19,41 -6,05 %
Endúr 24,8 -7,35 %
Havila Shipping 9,02 -10,34 % |
Atlantic Sapphire 12,49 -13,74 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 19.09.2022 11:42

Sist oppdatert: 19.09.2022 17:09

Mer om