Bernt Martini Havila Castor foto Ogne
REFINANSIERT: Etter at refinansieringa kom på plass i førre veke er Havila Kystruten-sjef Bent Martini fri frå banda til selskapet sin russiske långivar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tøff start for Havila Kystruten

Sanksjonar og forseinkingar prega første halvår for Havila Kystruten.

19.09.2022

Havila Kystruten tapte cirka 80 millionar kroner i inntekter fordi Havila Capella vart råka av sanksjonane mot selskapet sin russiske långivar og skipet måtte ligge ved kai frå 12. april til 28. juni i år.

I tillegg gjekk selskapet glipp av inntekter fordi Havila Castor vart forseinka frå verftet i Tyrkia. I tillegg har selskapet innkøyringskostnader på skip og mannskap.

Dette er hovudforklaringane på at Havila Kystruten hadde eit tresifra millionunderskot (sjå tabell) både i første halvår og andre kvartal i år, ifølgje delårsrapporten selskapet la fram i dag.

Les børsmelding her

Fri frå russiske långivar
Havila Kystruten skal segle passasjer- og godsruta Bergen-Kirkenes med fire skip, medan konkurrenten Hurtigruten står for resten av trafikken.

I førre veke melde Havila Kystruten at selskapet har refinansiert dei fire skipa, slik at selskapet kan fri seg frå banda til sin russiske långivar, det statseigde finansieringselskapet GTLK.

GTLK finansierte skipa til Havila Kystruten, og då GTLK blei omfatta av sanksjonane mot Russland fekk også Havila Kystruten eit problem.

Havila Kystruten AS

1. halvår. I mill. kroner2021
Driftsinntekt113,6
Driftsresultat-133,4
Resultat før skatt-233,8
Havila Kystruten as
2. kvartal. I mill. kroner2021
Driftsinntekt66,7
Driftsresultat-65,7
Resultat før skatt-180,9

Publisert: 19.09.2022 15:49

Sist oppdatert: 19.09.2022 18:24

Mer om