Christian pritchard nortel 11
NORTEL-SJEF: Med tysdagens oppgang er aksjekursen for Nortel-sjef Christian Pritchard tilbake på nivået frå april. Så langt i år er kursen likevel 20 prosent lågare enn ved årsskiftet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Lyspunkt på oljetung dag

Nortel børsvinnar på to handlar - medan eit anna selskap frå nordvest fekk ny botnnotering.

Marius Rosbach
14.07.2022

To handlar på høvesvis 2500 og éin aksje sørga for at teleselskapet Nortel blei børsvinnar av selskapa på Nordvestlandet tysdag. Ein oppgang på 11,98 prosent, gjorde at aksjen enda på 18,70 kroner ved stengetid.

Sjå kurstabell for selskapa frå nordvest under

Eit fleirtal av selskapa frå regionen fekk nedgang tysdag. Verst gjekk det for Havila Shipping med eit fall på 5,87 til 14,12 kroner aksjen.

Ny botnnotering
For Arctic Bioscience er ein aksjekurs på 13,25 kroner ny botnnotering, etter eit fall på 5,36 prosent i løpet av dagen. Sparebanken Møre enda dagen på 70,63 kroner etter ein nedgang på 4,54 prosent. Det er lågaste nivå sidan i fjor sommar.

Også Salmon Evolution som starta dagen med ein liten oppgang, fall tilbake i løpet av dagen.

Lakseoppdrettarane melde at dei hadde sett ut meir smolt i anlegget på Indre Harøy, utan at det oppstod problem. Tysdagen enda likevel med ein tilbakegang på 1,56 prosent, til 8,85 kroner.

Det meste anna gjekk også ned på Oslo børs i løpet av dagen.

Hovudindeksen fall med 2,33 prosent, og prisen for eit fat nordsjøolje var ved stengetid kring 96 dollar fatttet – en nedgang på kring 3,6 dollar i løpet av dagen.

Kursutvikling for selskap frå Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Nortel 18,7 11,98 %
Havyard Group 4,3 2,38 %
Hexagon Composites 27,38 1,44 %
Hexagon Purus 25,38 0,00 %
Statt Torsk 1,98 0,00 %
Havila Kystruten 19,85 0,00 %
Hav Group 13,4 -0,45 %
Hofseth Biocare 3,67 -0,54 %
Norva24 Group * (ikkje avslutta) 33,545 -0,86 %
Endúr 23,1 -1,28 %
Atlantic Sapphire 19,64 -1,31 %
Salmon Evolution 8,85 -1,56 %
Golden Energy Offshore Services 1,495 -3,86 %
Sparebanken Møre 70,63 -4,54 %
Arctic Bioscience 13,25 -5,36 %
Havila Shipping 14,12 -5,87 % |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 14.07.2022 16:39

Sist oppdatert: 14.07.2022 17:10

Mer om