Salmon Evolution First smolt release March22 06
GOD VEKST: Den første smolten til Salmon Evolution blei sett ut i mars og hadde førre månad nådd ei snittvekt på 1,5 kilo. Foto: Salmon Evolution
Nytt

Ny vellukka utsetting av smolt

Kurshopp etter at Salmon Evolution melde om 230.000 fleire ungfisk i kara – utan problem.

Marius Rosbach
14.07.2022

Lakseoppdrettarane i Salmon Evolution har gjort si andre utsetting av smolt ved anlegget på Indre Harøy .

Operasjonen med å sette ut 230.000 smolt med ei snittvekt på 125 gram i det landbaserte anlegget var velukka, opplyser selskapet i ei børsmeldning torsdag.

Har gått betre enn venta
Utsettinga er skalert opp etter gode erfaringar med den første utsettinga i mars. Ein del av fisken som er sett ut no, skulle etter planen å ha vore sett ut i august, opplyser selskapet.

Veksten for det første kullet til Salmon Evolution overgjekk forventningane, og førre månad melde selskapet om god vasskvaliteten og fiskehelse, med låge dødstal.

Selskapet viste også til at testar av fisken viste svært god kvalitet, inkludert prima smak.

Sende aksjekursen opp
At fisken veks betre enn venta, blei teke godt i mot på børsen ved førre melding. I etterkant av steig aksjekursen til Salmon Evolution kraftig, og la seg på nivået frå kring årsskiftet med ein kurs på 8,59 kroner.

Etter meldinga torsdag spratt aksjekursen på Oslo børs opp meir enn to prosent til 9,19 kroner. Det prisar selskapet til 3,1 milliardar.

Nivået er ei auke på kring 20 prosent sidan børsnoteringa i 2020, men eit stykke under toppnoteringa på meir enn 11 kroner.

Publisert: 14.07.2022 09:03

Sist oppdatert: 14.07.2022 09:51

Mer om