Etter ein kort stopp i handelen ved børsopning fall aksjekursen til Hexagon Composites-aksjane over 11 prosent då børsen opna for handel igjen like etter klokka 9 torsdag.
Etter ein dryg halvtime var aksjekursen 7,63 kroner, ned 13,20 prosent. Sluttkursen for dagen enda litt lågare - 7,31 kroner og eit fall på nær 17 prosent.
Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde. No jaktar selskapet kostnadskutt for å tilpasse seg eit kraftig fall i etterspørselen fortel kvartalsrapporten for 3. kvartal, som blei lagt fram tidleg torsdag.
Milliardverdiar fordufta i år
Ved inngangen til 2025 var aksjekursen 45,50 kroner aksjen. Hittil i år er kursfallet over 90 prosent og kursen har ikkje vore lågare sidan 2013.
Frå starten av året til utgangen av første halvår i år sank børsverdien til Hexagon Composites frå 9,1 til knappe 3,9 milliardar kroner. Sidan har det gått vidare ned og marknadsverdien torsdag er nede i 1,84 milliardar kroner.
Så seint som i september heldt likevel den svenske bankgruppa SEB på sin kjøpsanbefaling, men justerte ned kursmålet frå 30 til 24 kroner. Det var dobbelt så høgt som kursen var på det tidspunktet.
Milliontap i løpet av dagen
Knut Flakk og familien er storeigarar i Hexagon Composites, og er mellom dei som har sett aksjane sine falle i verdi.
Tre av Flakk-familiens sine selskap; Flakk Composites, KTF Finans og Flakk Gruppen, eig tilsaman 8,68 prosent av Hexagon Composites. Til saman er familien nest største eigar i selskapet og Knut Flakk er styreleiar i selskapet.
Før børsopning torsdag var familien sine aksjar verdt 193 millionar kroner. På slutten av dagen hadde verdien falle med drygt 20 millionar kroner.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,49 | -2,51 % |
| Atlantic Sapphire | kr 7,39 | 0,20 % |
| Endúr | kr 84,00 | -0,83 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 16,10 | -3,88 % |
| Hav Group | kr 6,20 | -1,59 % |
| Havila Kystruten | kr 1,24 | -0,40 % |
| Havila Shipping | kr 1,23 | 0,82 % |
| Hexagon Composites | kr 7,31 | -16,84 % |
| Hexagon Purus | kr 1,72 | -0,81 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,90 | 0,26 % |
| Tinde Sparebank | kr 121,48 | -0,41 % |
| Salmon Evolution | kr 5,11 | -1,54 % |
| Sparebanken Møre | kr 100,70 | 1,92 % |
Publisert: 06.11.2025 09:47
Sist oppdatert: 06.11.2025 19:26






