Dag Johan Skarbø kongsberg maritime Foto Marius Rosbach 2
NY PRODUKSJONSLINJE: Plass-sjef Dag Johan Skarbø ved Kongsberg Maritime i Ulsteinvik viser fram den nye produksjonslinja som blei opna i fjor til besøkande. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Lønsam investering i «propellfabrikk»

På slike dagar kan den tidlegare Kongsberg Maritime-sjefen more seg med å lese ein børskommentar frå 2018.

Marius Rosbach
09.02.2024

Saka er oppdatert med børstabell for Nordvestlandet

Aksjen til Kongsberg Gruppen hadde ein god dag på børsen fredag, etter å ha lagt fram eit nytt godt resultat frå fjerde kvartal i fjor.

Kvartalsrapporten viste at inntektene for Kongsberg Maritime framleis peiker oppover, som den gjorde for resten av konsernet. Veksten i ordreinngangen har dabba av, men den maritime utstyrsleverandøren har framleis ei ordrebok på 19,1 milliardar.

Investorane svara med å sende Kongsberg-aksjen opp over 11 prosent.

På ein slik dag kan den tidlegare Kongsberg Maritime-sjefen Egil Haugsdal more seg med å dra fram Dagens Næringsliv sin børskommentar frå hausten 2018.

Han reagerte etter at avisa skreiv at, «2,5 milliarder kroner fra staten for å kjøpe en propellfabrikk i Ulsteinvik har vært penger ut av vinduet». På det tidspunktet var kursen for Kongsberg-aksjen på veg ned mot 100 kroner aksjen.

Fredagens sluttkurs på 600 kroner, er om lag seks gonger høgare enn den gong. I desse åra har inntektene til Kongsberg Maritime nådd stadig nye høgder, og var i fjor det klart største forretningsområdet i konsernet.

Fredag la også Hofseth Biocare fram rapporten for fjerde kvartal i 2023 - og blei straffa av investorane. Ved stengetid var aksjekursen ned meir enn fire prosent.

Kvartalsrapporten viste høgare inntekter og minka overskot. Samtidig opplyser leiinga at målet er 50 prosent vekst i omsetninga – og pluss – i løpet av 2024.

Hovudindeksen på Oslo børs slutta i pluss fredag etter fleire dagar i raudt. Fasiten ved stengetid var likevel kring 1,14 prosent ned for børsen i løpet av veka.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Golden Energy Offshore Services 1,44 1,12 %
Havila Shipping 4,85 0,73 %
Norva 24 Group* 27,85 0,54 %
Hexagon Purus 7,50 0,54 %
Endúr 41,10 0,24 %
Arctic Bioscience 9,88 0,00 %
Hav Group 10,95 0,00 %
Salmon Evolution 7,05 -0,14 %
Atlantic Sapphire 1,73 -0,46 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,09 -0,64 %
Havila Kystruten 0,78 -0,76 %
Sparebanken Møre 85,50 -0,85 %
Hexagon Composites 23,28 -3,00 %
Hofseth Biocare 2,42 -4,72 %
* Kurs i SEK

Publisert: 09.02.2024 16:37

Sist oppdatert: 09.02.2024 21:08

Mer om