Hofseth Biocare Jon olav Ødegård produksjon foto ogne HBC 11
AUKA INNTEKTENE: Administrerande direktør Jon Olav Ødergård i Hofseth Biocare. Foto: Ogne Øyehaug/Hofseth Biocare
Nytt

Inntektshopp - men framleis stort minus

Hofseth Biocare siktar mot pluss i år.

Marius Rosbach
09.02.2024

Inntektene til Hofseth Biocare hald fram med å auke mot slutten av året, og enda på drygt 218 millionar kroner i 2023 (sjå tabell under).

Underskotet minkar
Sett vekk frå sal av verdiar, auka dermed omsetninga med 38 prosent, samanlikna med 2022. Det viser tala i rapporten for fjerde kvartal i fjor som blei lagt fram fredag.

Hofseth Biocare har framleis eit betydeleg underskot, sjølv om det også går rette vegen samanlikna med året før. Eit resultat før skatt på minus 102 millionar – er ein nedgang på kring 26 millionar frå året før.

Mål om ny vekst - og plussresultat
Administrerande direktør Jon Olav Ødergård opplyser i børsmeldinga at målet er å auke inntektene med nye 50 prosent i 2024 - og levere eit driftsresultat i pluss.

Selskapet foredlar avskjer og restråstoff frå lakseslakteri til ingrediensar i dyrefôr og helsekostprodukt. Hovudkontoret ligg i Ålesund, produksjonsanlegget i Midsund.

Dei siste åra har Hofseth Biocare gradvis auka satsinga på å utvikle produkt med dokumenterbar helseeffekt, både inn mot helsekostmarknaden med og mot legemiddelmarknaden.

Hofseth Biocare ASA
Pr. 4. kvartal. i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
218,5
120,5
Driftsresultat
-66,1
-98,2
Resultat før skatt
-102,5
-128,6



Hofseth Biocare ASA


4. kvartal. i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
47,5
33,6
Driftsresultat
-39,7-33,1
Resultat før skatt
-51,9
-38

Publisert: 09.02.2024 09:16

Sist oppdatert: 09.02.2024 11:41

Mer om