Lisa Edvardsen Haugan Kongsberg Maritime foto Marius Rosbach 11
MARITIM VEKST: Kongsberg Maritime-sjef Lisa Edvardsen Haugan. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kongsberg Maritime veks vidare

Inntektene peiker framleis oppover, men ordreveksten har dabba av.

Marius Rosbach
09.02.2024

Veksten held fram for Kongsberg Gruppen som passerte 40 milliardar kroner i omsetning i 2023, ei auke på 28 prosent frå året før. Det viser rapporten for fjerde kvartal 2023 som blei lagt fram fredag.

Inntektene bikka 20 mrd.
Kongsberg Maritime auka inntektene med 21 prosent til 20,18 milliardar, og var det klart største forretningsområdet i konsernet i fjor.

Den maritime utstyrsleverandøren hadde vekst i aktiviteten både på nybygg og ettermarknaden i siste kvartal i 2023.

Driftsresultatet på drygt to milliardar, utgjer ein driftsmargin på om lag 10 prosent.

Les børsmelding

Har auka ordreboka i løpet av året
Kongsberg Maritime har sikra seg betydeleg med jobb framover og har no ei ordrereserve på 19,1 milliardar kroner.

Det er ein liten nedgang frå førre kvartal og ordreinngangen på nye skip gjekk litt ned, samanlikna med tidlegare kvartal.

Volumet på ordreboka har gått opp med drygt tre milliardar samanlikna med året før. Typen oppdrag er samtidig variert, blir det opplyst i kvartalsrapporten.

Kongsberg Gruppen ASA
Pr. 4. kvartal. i mill. kroner2023
2022
Driftsinntekt
40.617
31.803
Driftsresultat
6.037
4.602
Resultat før skatt
4.600
3.309



Kongsberg Maritime


4. kvartal. i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
5.589
4.608
Driftsresultat
671
374



Kongsberg Maritime


Pr. 4.kvartal. i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
20.180
16.486
Drifsresultat
2.601
1.255



Ordrereserve pr. 4. kvartal
19.097
16.423

Publisert: 09.02.2024 08:43

Sist oppdatert: 09.02.2024 10:22

Mer om