Gunnar larsen havyard 11
UTBYTTE: Hav Group-sjef Gunnar Larsen var mellom innsidarane i Havyard Group som har fått utbytte i form av Hav-aksjar.
Nytt

Børsdagen: Mest å gle seg over for Havyard-aksjonærar

Fekk utbytte på ein tung dag.

Marius Rosbach
30.06.2022

Aksjemarknaden på Oslo børs hadde ein ny tung dag torsdag, etter å ha starta veka friskt. Hovudindeksen enda ned med 2,27 prosent. Også 11 av 16 selskap frå Nordvestlandet fekk eit fall torsdag.

Størst nedgang av selskapa frå regionen hadde Havila Shipping med 9,41 prosent. Men også Atlantic Sapphire (- 7,1 prosent) og Hexagon Purus (-6,73 prosent) var mellom selskapa frå regionen som hadde ein tung dag (sjå tabell under).

Hofseth Biocare og Havyard Group steig mest av selskapa med adresse på Nordvestlandet med høvesvis 4,40 og 4,18 prosent.

Elles kunne fleire Havyard-aksjonærar gle seg over utbytte i form av Hav-aksjar. Styremedlem Helge Simonnes i Havyard Group er mellom dei som har fått utbytte via sitt selskap Kamato, tilsvarande ein verdi på 1,2 millionar kroner.

I løpet av dagen blei det også meldt at Hav-sjef Gunnar Larsen er tildelt aksjar til ein verdi av drygt 15.000 kroner, medan HR-sjef Frank-Levi Kvalsund er tildelt aksjar til ein verdi av kring 34.000 kroner.

Les bakgrunn: Havyard Group med storkjøp og omorganisering

Tidlegare i veka blei det meldt at Havila Holding og selskapet Innidimman har fått aksjeutbytte til ei verdi av høvesvis 56,8 og 7,3 millionar kroner. Begge selskapa er tilknytta styreleiar Vegard Sævik i Hav Group.

Kursutvikling for selskapa frå Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hofseth Biocare 3,8 4,40 %
Havyard Group 3,61 4,18 %
Endúr 24,39 1,63 %
Statt Torsk 2,01 0,50 %
Nortel 19 0,00 %
Hexagon Composites 26,94 -0,74 %
Salmon Evolution 7,53 -0,92 %
Sparebanken Møre 74,31 -2,21 %
Havila Kystruten 18,3 -4,62 %
Arctic Bioscience 13,5 -4,93 %
Norva24 Group * 34,09 -5,29 %
Hav Group 13,9 -5,44 %
Golden Energy Offshore Services 1,905 -5,69 %
Hexagon Purus 28,3 -6,73 %
Atlantic Sapphire 19,3 -7,10 %
Havila Shipping 15,4 -9,41 % |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 30.06.2022 17:13

Sist oppdatert: 30.06.2022 17:54

Mer om