ATLANTIC SAPPHIRE quote chart 1
NESTEN NULL: Kursutviklinga i Atlantic Sapphire frå børsnoteringa i 2018 og fram til i dag. I februar 2021 var kursen oppe i over 200 kroner aksjen. No er den under ei krone. Grafikk: Oslo Børs
Nytt

Børsdagen: Milliardverdiar borte vekk

På topp var Atlantic Sapphire verdsett til 12 milliardar kroner.

22.10.2024

Toppen blei passert i februar 2021. Etterpå har det gått nedover med aksjekursen.

Kassa er fyllt på med fleire kapitalutvidingar, men likevel er selskapet no berre verdsett til 560 millionar kroner på børsen. I dag fall kursen til 0,0858 kroner aksjen som er ny botnrekord ved børsslutt.

Atlantic Sapphire driv landbasert oppdrett ved Miami i Florida. Ei lang rekkje tekniske og biologiske problem har tæra på tilliten og i dag fall aksjekursen til ny botnrekord.

Med det yngre selskapet Salmon Evolution allereie tener pengar, går Atlantic Sapphire enno i minus og produserer per i dag fisk leg lågare slaktevekt enn konkurrenten.

Selskapet har framleis hovudkontoradresse i Vestnes, men dei opprinnlege grunnleggarane som kjem derifrå, Johan Andreassen og Bjørn-Vegard Løvik er no kraftig utvatna, slik at banda til Vestnes no mest er ein formalitet

Børsdagen  
   
SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
   
Arctic Bioscience                          1,79 8,48 %
Endúr                       57,30 3,80 %
Norva 24 Group*30,65 1,83 %
Golden Energy Offshore Services                      28,00 1,82 %
Sparebanken Møre                     88,00 1,75 %
Hexagon Composites                      39,20 0,90 %
Hav Group                         8,72 0,69 %
Salmon Evolution                         6,68 0,30 %
Hofseth Biocare                         1,60 0,00 %
Hexagon Purus                          7,51 0,00 %
Romsdal Sparebank                  119,98 -1,64 %
Havila Shipping                       3,20 -3,03 %
Atlantic Sapphire                     0,09 -4,67 %
Havila Kystruten                        0,71 -4,83 %
* Kurs i SEK  

Publisert: 22.10.2024 17:06

Sist oppdatert: 25.10.2024 15:46