Børsdagen: Nedtur etter nye tal
Både Hexagon Purus og storaksjonæren Hexagon Composites fall etter at Hexagon Purus-tala for 1. halvår vart presentert i dag.
Hexagon Purus er først ute av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet med på legge fram tal for 2. kvartal og første halvår.
I kvartalspresentasjonen la selskapet mellom anna vekt på at både EU og USA har kome med politikk og lover som etter selskapet si vurdering vil hjelpe fram bruken av hydrogen. Hexagon Purus er leverandør av både tankar og -system for bruk av hydrogen som energiberar.
Holum sa i resultatpresentasjonen at selskapet ligg godt i rute til å nå 900 millionar kroner i driftsinntekter. Forventinga er å ha kome opp i fire- fem milliardar kroner i driftsinntekter i 2025, og at selskapet då skal ha positiv ebitda. Det betyr overskot på drifta før av- og nedskrivingar.
Kan hende positiv ebitda kan bli nådd tidlegare også, seier Holum til NETT NO.
Men optimismen og forventningane hos selskapet smitta ikkje over på investorane i aksjemarknaden. Hexagon Purus-aksjen fall 6,08 prosent. Hexagon Composites, som eig 75 prosent i selskapet, fall 7,03 prosent.
Aksjen var prisa til kurs 21,60 kroner ved inngangen til 2022 og steig til 41,50 kroner 13. april i år. Deretter fall kursen til 24,22 kroner aksjen i starten av juli. Sluttkurs i går var 29,92 kroner per aksje.
Flakk-familien i Ålesund er nest største eigar i Hexagon Composites og begge Hexagon-selskap har hovudkontoradresse i Ålesund.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havyard Group | 3,945 | 3,00 % |
Sparebanken Møre | 76,5 | 2,68 % |
Statt Torsk | 2,24 | 0,90 % |
Hav Group | 13,82 | 0,58 % |
Hofseth Biocare | 3,67 | 0,55 % |
Nortel | 18,8 | 0,53 % |
Norva 24* | 37,75 | 0,48 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,6 | 0,31 % |
Endúr | 24,5 | 0,00 % |
Salmon Evolution | 9,11 | -0,76 % |
Havila Shipping | 14,74 | -1,07 % |
Havila Kystruten | 18,9 | -2,33 % |
Atlantic Sapphire | 21,88 | -2,76 % |
Arctic Bioscience | 14,5 | -3,33 % |
Hexagon Purus | 28,1 | -6,08 % |
Hexagon Composites | 32,26 | -7,03 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 09.08.2022 16:40
Sist oppdatert: 09.08.2022 16:40