Dagens børstabell for Nordvestlandet under saka
Torsdag morgon legg Sparebanken Møre fram tal for korleis det gjekk i 2022. Det er starten på resultatsesongen for dei børsnoterte selskapa med adresse og/eller hovudaktivitet på Nordvestlandet.
Sett frå aksjeinvestorane si side var fjoråret ingen suksess for børsnoterte selskap på Nordvestlandet.
Berre fire av 16 selskap steig i verdi i 2022.
2022 blei det andre året på rad med fall i den samla børsverdien av selskapa på Nordvestlandet.
Samanlikna med utgangen av 2021, har den samla verdien av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet falle med 6,1 milliardar kroner i 2022.
Det er ein nedgang på 17 prosent. Hovudindeksen på Oslo Børs fall til samanlikning 1,03 prosent i 2022.
2021 var eit verre børsår enn 2022 for selskapa på Nordvestlandet. Børsverdiar for 21 milliardar blei borte i løpet av 2021 og verdifallet var på 38 prosent. Hovudindeksen steig 20 prosent i 2021.
Underskot
Tala for førre resultatsesong, per 3. kvartal 2022, viste minusresultat for selskapa på Nordvestlandet.
Det var underskota i Havila Kystruten, Hexagon Purus og Hexagon Composites som var hovudforklaringa på den dårlege lønsemda i nordvest, samstundes som berre fire selskap gjekk i pluss.
I dag, som i går, var det Atlantic Sapphire-kursen som steig mest og Havila Shipping-aksjen som fall mest på Oslo Børs, av børsselskapa på Nordvestlandet.
To dagar med kraftig opptur for det landsbaserte oppdrettselskapet Atlantic Sapphire skuldast truleg ein positiv analyse frå meklarhuset Arctic Securities.
Havila Shipping har ikkje sendt ut nokon børsmelding sidan romjula. Dagens kursfall er truleg ein reaksjon på at aksjen gjekk frå 12,28 kroner 12. januar til 22,35 kroner 23. januar.
Her er resultatkalenderen for dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet:
Torsdag 26. januar:
Sparebanken Møre og datterselskapet Møre Boligkreditt
Onsdag 8. februar:
Salmon Evolution og Sparebank 1 SMN
Fredag 10. februar:
Hofseth Biocare, Sparebank1 Søre Sunnmøre
Tysdag 14: februar:
Nortel, Sparebanken Sogn og Fjordane
Onsdag 16. februar:
Hexagon Composites
Fredag 17. februar:
Statt Torsk
Tysdag 21. februar:
Lerøy Seafood Group (som mellom anna eig fiskebåtreiarlaget Lerøy Havfisk i Ålesund)
Fredag 24. februar:
Endúr og Norva24
Mandag 27. februar:
Havila Kystruten
Tysdag 28. februar:
Eqva (tidlegare Havyard Group) og Havila Shipping
Onsdag 8. mars:
Ørskog Sparebank
Fredag 10. mars:
Hav Group
Onsdag 29. mars:
Arctic Bioscience
Onsdag 12. mars:
Tafjord
Torsdag 30. mars:
Sogn og Fjordane Energi
Fredag 31. mars:
Tussa
Torsdag 20. april:
Atlantic Sapphire
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Atlantic Sapphire | 10,99 | 9,95 % |
Hofseth Biocare | 3,09 | 5,46 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,10 | 3,17 % |
Nortel | 20,00 | 2,04 % |
Sparebanken Møre | 79,90 | 0,52 % |
Hexagon Composites | 33,32 | 0,36 % |
Arctic Bioscience | 11,30 | 0,00 % |
Statt Torsk | 1,65 | -0,30 % |
Salmon Evolution | 8,11 | -0,61 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,47 | -0,68 % |
Endúr | 27,26 | -1,12 % |
Hav Group | 8,50 | -1,16 % |
Hexagon Purus | 25,54 | -1,24 % |
Havila Kystruten | 10,45 | -1,88 % |
Norva 24* | 34,12 | -3,62 % |
Havila Shipping | 17,34 | -18,21 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 25.01.2023 16:06
Sist oppdatert: 25.01.2023 17:36