Ingen pengemaskinar mellom børsselskapa
Børsnoterte selskap på Nordvestlandet går samla sett i minus. Berre fire av 14 har plussresultat i årets ni første månadar.
Havila Kystruten, Hexagon Purus og Hexagon Composites. Dei tre selskapa er mykje av forklaringa på at dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet har gått med over 400 millionar kroner i minus i årets ni første månadar og at det samla underskotet er større i år enn i same periode i 2021. (Sjå tabellar under)
Havila Kystruten er eit selskap som framleis berre har to av fire skip i drift på passasjer- og godsruta mellom Bergen og Kirkenes. Dei har hatt problem i fleng før starten har no høge innkøyringskostnadar.
Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar. Sjølv om veksten er stor for selskapet, driv det i ein marknad som framleis er liten og ulønsam.
Hexagon Composites, som lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde, eig over 73,3 prosent av aksjane i Hexagon Purus.
Hexagon Composites driv i ein etablert bransje, men fordi Hexagon Composites reknar Hexagon Purus-tala inn i sitt rekneskap har også Hexagon Composites eit tresifra underskot.
Samla resultat for børsnoterte selskap på Nordvestlandet | ||||
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 | ||
Driftsinntekt | 10648 | 8026 | ||
Resultat før skatt | -439 | -269 | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 | ||
Driftsinntekt | 3752 | 2793 | ||
Resultat før skatt | -10 | -31 |
Sjølv om Havila Kystruten og dei to Hexagon-selskapa hadde gått i pluss, har framleis halvparten av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet underskot i årets ni første månadar.
Mellom dei er fire selskap som høyrer inn under kategorien oppstartselskap, der kostnadane som regel er høgare enn inntektene i starten. Det er mobiltelefoniselskapet Nortel, helsekost- og medisinutviklingselskapet Arctic Bioscience, det landbaserte lakseoppdrettselskapet Salmon Evolution og oppdrettsselskapet Statt Torsk.
Hofseth Biocare kan også reknast inn i denne kategorien, sjølv om det etterkvart har ei lang historie. Hofseth Biocare vidareforedlar avskjer og restråstoff frå lakseslakteri til produkt som blir ingredienser i helsekost- og dyrefôr. Dei arbeider óg med å kartlegge om selskapet kan utvikle legemiddel.
I tillegg er det to offshorereiarlag på lista, der tala pr. 3. kvartal viser at offshorekrisa ikkje er heilt over - den er berre ikkje så hard som den var.
Tidlegare Havyard, som no heiter Eqva, har ikkje oppgitt tal for 2021.
Atlantic Sapphire, som driv landbasert oppdrett i Florida, offentleggjer ikkje full kvartalsrapport for 3. kvartal.
Artikkelen held fram under tabellen
Resultat børsnoterte selskap på Nordvestlandet | ||||
Pr. 3. kvartal. i mill. Kroner | ||||
Driftsinntekt | Resultat før skatt | |||
2022 | 2021 | 2022 | 2021 | |
Hexagon Composites | 3439 | 2336 | -286 | -206 |
Endúr | 1842 | 1523 | 13 | -101 |
Norva 24* | 1747 | 1437 | 53 | 80 |
Sparebanken Møre | 1222 | 1147 | 697 | 636 |
Havila Shipping | 653 | 401 | -32 | -172 |
Hexagon Purus | 592 | 249 | -308 | -266 |
Hav Group | 495 | 692 | 22 | 67 |
Havila Kystruten | 248 | 36 | -333 | -79 |
Nortel | 156 | 67 | -40 | -30 |
Golden Energy Offshore Services | 113 | 47 | -50 | -47 |
Hofseth Biocare | 87 | 62 | -99 | -89 |
Arctic Bioscience** | 24 | 17 | -22 | -27 |
Salmon Evolution | 19 | 12 | -26 | -21 |
Statt Torsk | 12 | 2 | -28 | -13 |
Sum | 10648 | 8026 | -439 | -269 |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 261,5 | -14,8 | ||
Atlantic Sapphire*** | ||||
*Svenske kroner | ||||
**Oppgir berre driftsresultat før av- og nedskrivingar | ||||
***Rapporterer berre halvårsvis |
Dermed er det fire selskap att innan kategorien for godt etablerte selskap i etablerte marknadar og med lang historikk - og som også tener pengar; Hav Group, Endúr, Norva24 og Sparebanken Møre.
Hav Group er ein nykomar som først vart børsnotert i fjor. Datterselskapa i Hav Group var imidlertid tidlegare ein del av Havyard Group (no Eqva). Selskapa vart skilt ut for å få fram den grøne profilen i Havyard Group, og driv med skipsdesign, handteringssystem for ballastvatn, elektronikk og styringsystem på fartøy og løysingar for bruk av hydrogen som energiberar på skip.
Industriselskapet Endúr har grunnleggarane av ingeniørselskapet Artec Aqua i Ålesund som største eigar. Dei blei aksjonærar som ein del av betalinga då Artec Aqua vart en del av Endur-konsernet. Artec Aqua teiknar og prosjekterer landsbaserte oppdrettsanlegg, frå smoltanlegg til anlegg der fisken skal lever fram til slakting.
Norva24-konsernet er resultatet av ei rekkje samanslåingar og oppkjøp, til eit konsern som driv med slamsuging, septikhandtering og handtering av industriavfall i heile Norden.
Selskapet er notert på Stockholm-børsen og har eit svensk investeringsfond som største eigar, men spring ut frå industrimiljøet i Stryn som også er hovudkontoradressa.
Les børsmelding om 3. kvartalsresultatet frå Norva24 her
Sparebanken Møre er det einaste av dei børsnoterte selskapa som har eit tresifra overskot. Overskot i høve til driftsinntekter for ein bank, kan ikkje direkte samanliknast med dei andre selskapa. Resultatet til Sparebanken Møre er godt, men ikkje uvanleg for ein bank i denne storleiken.
Offshorreiarlaget Golden Energy Offshore Services betra resultatet kraftig i 3. kvartal (sjå tabell under), fordi selskapet reverserte tidlegare nedskrivingar av verdien på flåten og skreiv opp flåteverdien med 111 millionar kroner.
Resultat for børsnoterte selskap på Nordvestlandet | ||||
3. kvartal. i mill. Kroner | ||||
Driftsinntekt | Resultat før skatt | |||
2022 | 2021 | 2022 | 2021 | |
Hexagon Composites | 1243 | 875 | -77 | -50 |
Norva 24* | 612 | 541 | 69 | 28 |
Endúr | 593 | 568 | 11 | -9 |
Sparebanken Møre | 433 | 389 | 252 | 229 |
Hexagon Purus | 222 | 103 | -65 | -97 |
Havila Shipping | 217 | 155 | -49 | -60 |
Hav Group | 137 | 81 | 1 | 11 |
Havila Kystruten | 134 | -110 | ||
Nortel | 65 | 27 | -11 | -9 |
Golden Energy Offshore Services | 53 | 24 | 37 | -17 |
Hofseth Biocare | 30 | 14 | -35 | -38 |
Arctic Bioscience | 9 | 5 | -8 | -7 |
Statt Torsk | 4 | 0 | -12 | -7 |
Salmon Evolution | 0 | 12 | -14 | -6 |
Sum | 3752 | 2793 | -10 | -31 |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | ||||
Atlantic Sapphire*** | ||||
*Svenske kroner | ||||
**Oppgir berre driftsresultat før av- og nedskrivingar | ||||
***Rapporterer berre halvårsvis |
Les også
Hexagon Composites har auka inntektene med 47 prosent hittil i år.
Fleire store kontraktar som Hav Group konkurrerer om, blir avgjort dei neste månadane.
Hofseth Biocare aukar produksjonen, men har 99 millionar i minus hittil i år.
Etter ni månadar har Arctic Bioscience passert inntektene for heile 2021, men går framleis i minus.
Statt Torsk har nådd målet om stabile leveransar av oppdrettstorsk året rundt.
Publisert: 04.12.2022 05:00
Sist oppdatert: 07.11.2024 15:27