Børsdagen: Nortel-fristen er ute
Dagens børskurs tyder på at konkurrenten Unifon får kjøpt Nortel.
I dag vart det handla tilsaman 930 aksjar i mobiltelefonselskapet Nortel på Oslo Børs. Den siste posten, på 830 aksjar, vart handla til 27 kroner aksjen.
Det er under bodet frå Unifon, som har bydd 27,50 kroner aksjen. Dermed ser det ikkje ut til at aktørane i aksjemarknaden trur det kjem eit betre alternativ enn å selje til Unifon,
Unifon vil i utgangspunktet ha kontroll over minst 90 prosent av aksjane, slik at selskapet får rett til å tvangsinnløyse dei aksjonærane som ikkje vil selje.
Då den første fristen var ute hadde eigarane av 87,65 prosent av aksjane i Nortel takka ja. Dermed forlenga Unifon svarfristen til klokka 16:30 i dag, for å kome over 90-prosentgrensa.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havila Shipping | 10,14 | 6,74 % |
Statt Torsk | 0,40 | 3,63 % |
Endúr | 39,40 | 3,41 % |
Hexagon Composites | 36,76 | 2,91 % |
Arctic Bioscience | 8,92 | 1,36 % |
Nortel | 27,00 | 0,75 % |
Hexagon Purus | 19,04 | 0,74 % |
Norva 24 Group* | 21,40 | 0,71 % |
Hav Group | 10,10 | 0,50 % |
Hofseth Biocare | 3,20 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | 76,95 | -0,04 % |
Salmon Evolution | 6,16 | -1,75 % |
Havila Kystruten | 1,20 | -2,45 % |
Atlantic Sapphire | 2,12 | -4,08 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,17 | -4,10 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 2,76 | -7,69 % |
Publisert: 28.08.2023 17:02
Sist oppdatert: 28.08.2023 17:03