Nortel oslo børs merkur 111 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
NÆR VED Å BLI KJØPT: Nortel har fått eit bod som verdset selskapet til 517 millionar kroner. Foto:Oslo Børs
Nytt

Børsdagen: Pokerspel om Nortel

Unifon har beste kort på handa i kampen om Nortel.

15.08.2023

Unifon kom nær, men ikkje i mål med bodet sitt til aksjonærane i Nortel.

Dei to mobiltelefonselskap skal bli eitt, om Unifon får det som selskapet vil, men førebels manglar Unifon ja frå eigarane av ytterlegare 2,35 prosent av Nortel-aksjane for å kunne innlemme Nortel med hud og hår.

Eigarane av 87,65 prosent av aksjane i Nortel hadde takka ja til bodet då fristen for å svare gjekk ut i går ettermiddag, mandag 14. august.

Unifon må ha minst 90 prosent av aksjane for å tvangsutløyse også aksjonærane som ikke vil selje, og har forlenga fristen for å svare på bodet. Bodet er på 27,50 kroner aksjen, som verdset selskapet til 517 millionar kroner.

Det Unifon kan gjere, og som det også blir meldt om i børsmeldinga i dag, er å gå bort frå kravet om minst 90 eigarskap og innlemme Nortel i Unifon som eit datterselskap der Unifon er største eigar og har full kontroll - også over når det eventuelt blir eit vidaresal av Unifon.

Med bodet frå Unifon som utgangspunkt eig aksjonærane som ikkje har takka ja til å selje Nortel-aksjar for 63 millionar kroner. Spørsmålet er om alle dei tek sjansen på at dei verdiane blir innelåst på ubestemt tid i eit ikkje-børsnotert selskap der dei ikkje har noko dei skulle sagt. Det er ikkje mange av dei som hittil ikkje har ville selge som skal ombestemme seg for at Unifon får det som selskapet vil.

Bodet frå Unifon er ikkje likt for alle Nortel-aksjonærane. Dei største får vere med vidare ved at deler av oppgjeret er aksjar i kjøparen, medan dei mindre eigarane får alt i kontantar. Truleg er det ein del mindre aksjonærar som ikkje er nøgde med den ulikebehandlinga, men maktmidla dei har for å tvinge fram eit betre bod er ikkje store.

I dag er Nortel handla til 27,40 kroner aksjen. Det er 10 øre under bodet frå Unifon, ein kurs som tyder på at aksjespekulantane ikkje reknar med at mindretalseigarane i Nortel kan få pressa fram eit betre bod på selskapet.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med børskursar for selskap på Nordvestlandet, etter at børshandelen er slutt i ettermiddag.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Nortel kr 27,40 3,79 %
Hexagon Purus kr 18,76 2,51 %
Norva 24 Group* 25,15 kr 1,21 %
Salmon Evolution kr 6,58 0,77 %
Sparebanken Møre kr 76,00 0,40 %
Arctic Bioscience kr 10,00 0,20 %
Statt Torsk kr 0,27 0,00 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 3,00 0,00 %
Hofseth Biocare kr 3,00 0,00 %
Hav Group kr 10,20 -0,49 %
Havila Shipping kr 11,32 -0,70 %
Atlantic Sapphire kr 4,95 -0,70 %
Havila Kystruten kr 1,22 -1,61 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,10 -1,79 %
Hexagon Composites kr 28,00 -2,64 %
Endúr kr 39,80 -4,10 %
* Kurs i SEK

Publisert: 15.08.2023 16:16

Sist oppdatert: 15.08.2023 17:13

Mer om