Nortel oslo børs merkur 111 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
BEDRE BETALT: Nortel vart børsnotert i 2020. Dagens aksjekurs er rekordhøg.
Nytt

Børsdagen: Nortel-opptur på dyster børsdag

Kursrekord etter melding om kjøpsinteresse. Børsen fall 3,74 prosent.

15.03.2023

Meldinga om at både norske og utanlandske selskap har meldt interesse for å kjøpe Nortel og at Hexagon Purus har signert ein avtale med eit inntektspotensiale på 20 milliardar kroner gav aksjekursen i begge selskapa eit kraftig løft frå start onsdag.

Klokka 11:26 var Nortel-kursen 32,20 kroner aksjen, opp 22,9 prosent sidan i går. Då aksjehandelen stengte i ettermiddag var kursen 30, 20 kroner aksjen. Det er ein oppgang på 15,27 prosent og verdset selskapet til 568 millionar kroner.

Berre eitt selskap på Oslo Børs steig meir i verdi enn mobiltelefoniselskapet Nortel frå Ålesund i dag.

Hovudindeksen fall 3,74 prosent etter at uro knytt til bankar i USA og Sveits smitta børshandelen verda over. Det hjalp heller ikkje at oljeprisen fall til 73 dollar fatet. Berre fire av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet steig i verdi i dag.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med tabell over kursutviklinga til børsnoterte selskap på Nordvestlandet etter at dagens handel på børsen er over.

Dagens notering er ny rekord for Nortel, som vart børsnoterte i november 2020.

Ei av utfordringane for Nortel som børsnotert selskap er eit konsentrert eigarskap. Storparten av aksjane er eigd av eit fåtal aksjonærar. Det har gjort at handelen med aksjen av vore liten og det er uvisse om aksjekursen speglar den reelle verdien av selskapet.

Kursauken i dag tyder på at fleire investorar ventar at eit eventuelt sal av Nortel skal gi ein større gevinst enn aksjekursen fram til i dag har vist.

Hexagon Purus melde 1. mars i år at selskapet var kome langt i samtalar om ei kontrakt til ein verdi av opptil 20 milliardar kroner. I dag melde selskapet at avtalen er signert.

Hexagon Pursus-aksjen var klokka 11:29 opp 6,14 prosent, til 29,02 kroner aksjen. Ut over dagen blei begeistringa for avtalen dempa og ved børsslutt var kursen 28,20 kroner, som er ein oppgang på 3,15 prosent sidan i går.

Avtalen gjeld levering av utstyr på opptil 10.000 lastebilar med nullutsleppsløysingar, som Hino Trucks vil produsere fram til 2030, ifølgje børsmeldinga..

Hexagon Purius lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar og leverer også batteriløysingar, som Hino Trucks sine lastebilar skal ha.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Nortel 30,20 15,27 %
Arctic Bioscience 12,25 6,06 %
Statt Torsk 1,27 3,25 %
Hexagon Purus 28,20 3,15 %
Havila Kystruten 9,98 0,00 %
Norva 24* 30,30 -0,26 %
Hofseth Biocare 2,89 -1,03 %
Salmon Evolution 7,93 -1,25 %
Hexagon Composites 36,10 -2,01 %
Atlantic Sapphire 6,30 -3,23 %
Sparebanken Møre 81,45 -4,18 %
Hav Group 11,16 -4,62 %
Endúr 45,50 -4,69 %
Havila Shipping 15,08 -11,19 %
Golden Energy Offshore Services 1,05 -12,50 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,10 -17,33 %
*Svenske kroner

Publisert: 15.03.2023 11:31

Sist oppdatert: 15.03.2023 20:57