Børsdagen: Ny botnnotering for Atlantic Sapphire
Først opp, så ned med aksjekursen etter melding om skifte av toppsjef.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Klokka 16:08 var aksjekursen i børsnoterte Atlantic Sapphire ned 2,93 prosent samanlikna med sluttkursen i går, til 1,19 kroner aksjen. Selskapet er verdsett til 932 millionar kroner, og kursen har aldri vore lågare.
Natt til i dag sende selskapet ut melding om at medgrunnleggar Johan E. Andreassen går av. Den umiddelbare reaksjonen i aksjen var eit kurshopp, men det snudde kjapt. Aksjekursen dalte jamt ut over dagen.
Avgangen til Andressen ser i all fall ikkje ut til å ha gitt aktørar i aksjemarknaden tru på at no skal alt snu seg for selskapet, som driv landbasert oppdrett ved Miami i Florida.
Fleire kapitalutvidingar har vatna ut mellom andre Andressen sin eigarandel. Han er no blitt ein liten småaksjonær i selskapet han var med å starte.
Ei rekkje med vanskar
Atlantic Sapphire har hatt ei rekkje med vanskar undervegs og fullføring av andre byggesteg på anlegget ved Miami er langt etter skjema. I staden har selskapet streva med å få kontroll over produksjonen i første byggesteg.
Det siste er at kjølinga av vatnet i anlegget ikkje har vore god nok, slik at veksten har blitt dårlegare enn den skulle. Selskapet har tidlegare i haust varsla at kjøleproblema er over, utan at det ser ut til at aksjespekulantane har blitt heilt overtydd.
Atlantic Sapphire har henta inn pengar i fleire omgangar, seinast i haust, og er i gang med ein såkalla reparasjonsemisjon etter den siste kapitalutvidinga i haust.
Havila Shipping må selje skip
Havila Shipping må selje tre skip, melde selskapet i dag tidleg. Salet er ikkje selskapet sitt eige val, men resultatet av at långivarar nyttar seg av retten til å kreve sal, som dei har rett til etter refinansieringsavtalen som vart inngått i 2020. I ein stigande marknad betyr det redusert inntektspotensiale for offshorereiarlaget, og aksjekursen fall 7,23 prosent i dag.
Havila Holding er storaksjonær både i Havila Shipping og Havila Kystruten, som også hadde ein dårleg dag på børsen. Kursen fall 10,21 prosent, til 0,77 kroner aksjen. Det er ny botnnotering og verdset Havila Kystruten til 668 millionar kroner.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Statt Torsk | 0,48 | 16,83 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,30 | 2,86 % |
Norva 24 Group* | 18,90 | 2,61 % |
Hexagon Composites | 26,32 | 2,49 % |
Hofseth Biocare | 2,86 | 2,14 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 2,56 | 0,00 % |
Endúr | 39,50 |
0,00 % |
Arctic Bioscience | 9,20 | 0,00 % |
Hav Group | 9,00 | -1,10 % |
Salmon Evolution | 6,02 | -1,15 % |
Sparebanken Møre | 75,50 | -1,37 % |
Atlantic Sapphire | 1,19 | -2,93 % |
Hexagon Purus | 9,69 | -5,74 % |
Havila Shipping | 8,72 | -7,23 % |
Havila Kystruten | 0,77 | -10,21 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 30.10.2023 17:00
Sist oppdatert: 30.10.2023 21:55