Njål sævik innfelt per ivar fagervoll foto kjetil golden energy 11
OPP OG NED PÅ BØRSEN: Havila Shipping-sjef Njål Sævik og Golden Energy-sjef Per Ivar Fagervoll opplever store svingingar på børsen om dagen. Foto: Kjetil Haanes/Ogne Øyehaugf
Nytt

Børsdagen: Ny brottsjø for offshore

Tross oppturen så langt i år, går det i bølgjedaler for reiarlaga. Kystruten dagens vinnar.

Marius Rosbach
14.06.2022

Havila Shipping og Golden Energy Offshore var mellom selskapa som fall mest på Oslo børs tysdag.

Kursen for Havila stoppa på 19,80 kroner, ein nedgang på 12,97 i løpet av dagen. Golden Energy-aksjen stoppa på 2,46 kroner, ein nedgang på 7,52.

Begge aksjene hadde også ein tøff starta på veka måndag. Også då var reiarlaga dei to som fall mest av selskapa frå Nordvestlandet.

Aksjen til Herøy-reiarlaget har likevel stege med 378 prosent så langt i år, medan Ålesund-reiarlaget har gått opp med 228 prosent.

Lakseoppdrettarane i Atlantic Sapphire var eit anna selskap med adresse i nordvest, som fekk ein tung dag. Aksjekursen endte ned med 8,05 prosent.

Aksjeverdien til selskapet er halvert så langt i år, etter tysdagens nedtur.

Havila Kystruten var dagens vinnar frå Nordvestlandet med ein oppgang på 9,79 prosent til 18,50 kroner per aksje.

Hovedindeksen på Oslo børs endte opp 1,81 prosent etter nedturen måndag. Eit fat Nordsjø-olje låg ved børsslutt på knape 125 dollar – ein oppgang på 2,35 prosent.

Sjå børstabell for selskapa frå Nordvestlandet under:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Kystruten 18,5 9,79 %
Hexagon Purus 29,14 7,76 %
Statt Torsk 2,4 3,45 %
Sparebanken Møre 76,05 2,63 %
Hofseth Biocare 3,74 2,19 %
Arctic Bioscience 15 0,00 %
Salmon Evolution 8,12 -0,37 %
Endúr 0,54 -0,55 %
Hexagon Composites 28,48 -0,56 %
Nortel 18 -2,17 %
Hav Group 15,6 -2,38 %
Golden Energy Offshore Services 2,46 -7,52 %
Atlantic Sapphire 20,8 -8,05 %
Havila Shipping 19,8 -12,97 %
Havyard Group 4,44

Publisert: 14.06.2022 16:49

Sist oppdatert: 14.06.2022 17:42

Mer om