Christian pritchard nortel 11
NY FRIST: Nortel-grunnleggar Christian Pritchard er blant dei som vil selje til Unifon.
Nytt

Børsdagen: Ny frist for Nortel-eigarane

Eigarane av 88,12 prosent av aksjane i Nortel har sagt ja til å selje.

05.09.2023

Mobiltelefoniselskapet Unifon forlenger fristen for å godta bodet på 27,50 kroner aksjen til torsdag 7. september klokka 16:30.

Bodet verdset Nortel til 517 millionar kroner og så langt har eigarane av 88,12 prosent av Nortel-aksjane takka ja.

I første omgang takka eigarane av 87,65 prosent av Nortel-aksjane ja til tilbodet. Då fristen blei forlenga kraup ja-andelen opp til 87,9 prosent og no altså til 88,12 prosent.

Unifon hadde i utgangspunkt eit krav om at eigarane av minst 90 prosent av Nortel måtte takke ja, men har gått bort frå det kravet. Med over 90 prosent eigarskap kan Unifon tvangsinnløyse resten av Nortel-eigarane.

Unifon kan forlenge svarfristen fleire gangar, men ikkje lenger enn til 18. september.

Botnrekord
Aksjekursen til Atlantic Sapphire fall til 2,10 kroner i dag. Det er ny botnrekord for sekskapet, som driv landbasert oppdrett av laks ved Miami i Florida.

I februar 2021 var Atlantic Sapphire-kursen oppe i 150 kroner, men etterpå har det vore ein nesten samanhengande lang nedtur for aksjonærane i selskapet.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børshandelen er over i dag.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 9,20 4,78 %
Salmon Evolution 6,62 4,75 %
Hexagon Composites 37,88 3,10 %
Endúr 46,00 2,68 %
Golden Energy Offshore Services 1,23 1,82 %
Hexagon Purus 18,42 1,10 %
Hav Group 9,78 0,82 %
Statt Torsk 0,46 0,22 %
Norva 24 Group* 23,60 0,21 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,88 0,00 %
Havila Kystruten 1,11 -0,90 %
Sparebanken Møre 75,54 -0,93 %
Hofseth Biocare 3,12 -0,95 %
Arctic Bioscience 9,42 -1,88 %
Nortel 25,00 -2,34 %
Atlantic Sapphire 2,10 -13,22 %
* Kurs i SEK

Publisert: 05.09.2023 09:25

Sist oppdatert: 05.09.2023 16:50

Mer om