Boershopp for Nortel
FLEIRE RUNDAR: Aksjonærane i mobiltelefoniselskapet Nortel i Ålesund har fått ein ny frist til å vurdere bodet frå konkurrenten Unifon.
Nytt

Børsdagen: Småaksjonærane strittar i mot

Overraskande mange Nortel-aksjonærar vil ikkje selje.

29.08.2023

Mobiltelefoniselskapet Unifon var like ved å kunne sikre seg alle Nortel-aksjane allereie innan den første svarfrist Unifon hadde sett for bodet sitt på Nortel.

Eigarane av i alt 87,65 prosent av aksjane takka då ja til bodet på 27,50 kroner aksjen, som verdsette Nortel til 517 millionar kroner. Målet til Unifon var å passere 90 prosent eigarskap slik at resten av Nortel-aksjonærane kunne tvangsinnløysast. Då det ikkje gjekk forlenga Unifon svarfristen og la til at selskapet kunne kome til å fråvike 90-prosentkravet.

Det var ein dårleg skjult advarsel. Dei småaksjonærane som då ikke ville selje ville risikere å blir med som minoritetseigarar i Nortel som eit datteselskap i Unifonkonsernet. Der vil dei ikkje ha noko dei skulle ha sagt, og heller ikkje vite når dei eventuelt kan få selje aksjane sine. Sjølv ein eigarandel på 0,1 prosent i Nortel utgjer over ein halv million kroner, og for mange småaksjonærar er det truleg ein verdi det ikkje er så fristande å låse inne på ubestemt tid.

Likevel auka ja-andelen til bodet berre med 0,25 prosentpoeng innan den nye fristen for å svare gjekk ut i går. No har eigarane av 87,9 prosent av aksjane takka ja.

At ikkje fleire har akseptert bodet kan tyde på at mange mindre aksjonærar hadde venta at når Nortel først skulle selgast så skulle dei får betre betalt.

Den manglande oppslutninga kan også tolkast som eit uttrykk med misnøye med prosessen og ulikebehandlinga av aksjonærane.

Då Nortel sende ut melding om at styret i selskapet rådde aksjonærane til å takke ja til bodet fortalde selskapet og at eigarane av omlag 70 prosent av aksjane hadde forplikta seg til å selje.

Det var Lapas (investeringsselskapet til Leif Arne Langøy og familie), Proff Invest (selskapet til grunnleggar og dagleg leiar Christian Pritchard), Stette Invest (selskapet til Peder Stette og familiemedlemer) Halsebakkfamiliens investeringsselskap Ronja Capital II AS, Bent Andre Sydsæthers selskap Sydsæther Holding, Byggtorget Holding (Kaj Bang Westre og familiemedlemer), Investel (Stian Bang og Torill Standal Eliassen), Arisona Holding AS (eigd av styreleiar Arild Hustad), finansdirektør Dag Normand Nåheim, In Decision (styremedlem Ivar Nesset) og Digital Hverdag AS (styremedlem Bente Sollid Storhaug). Avtalen er at dei skal få oppgjer i form av ein kombinasjon av aksjar i Unifon og kontantar.

Resten skal få betaling i kontantar.

Dei først får bli med vidare - med den risikoen for tap og sjansen til større gevinst det gir - medan resten er ute.

Om eigarane av over enn 90 prosent hadde svart ja til bodet hadde Nortel snart vore historie. Slik gjekk det førebels ikkje. Her blir det nye rundar.

Selskapet Techvest, som er eigd Olav Sindre Kriken eig 1,8 prosent i Nortel. Selskapet Castling, som er eigd av Eirik Staurset, eig 0,9 prosent. Kriken er medeigar og styremedlem i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO. Staurset er medeigar, dagleg leiar og styremedlem.


Artikkelen er oppdatert med aksjekursar for selskap på Nordvestlandet, etter at børshandelen er over for dagen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Statt Torsk 0,48 20,00 %
Norva 24 Group* 22,50 7,14 %
Arctic Bioscience 9,50 6,50 %
Atlantic Sapphire 2,24 5,67 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,90 5,07 %
Hexagon Composites 37,56 2,18 %
Endúr 39,60 0,51 %
Nortel 27,00 0,00 %
Hav Group 10,10 0,00 %
Sparebanken Møre 76,88 -0,09 %
Hexagon Purus 19,00 -0,21 %
Golden Energy Offshore Services 1,17 -0,34 %
Salmon Evolution 6,13 -0,49 %
Havila Kystruten 1,18 -1,26 %
Hofseth Biocare 3,14 -1,88 %
Havila Shipping 9,60 -5,33 %
* Kurs i SEK

Publisert: 29.08.2023 16:00

Sist oppdatert: 29.08.2023 16:50

Mer om