Per Ivar Fagervoll foto Golden Energy Offshore Services 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
TØFF MÅNAD: Etter ein god vår har reiarsjef Per Ivar Fagervoll i Golden Energy Offshore hatt ein ny tøff månad på børsen. Foto: Golden Energy Offshore
Nytt

Børsdagen: Ny runde med juling i offshore

Nedtur for Ålesund-reiarlag og oljeprisen bikka under 100 dollar.

Marius Rosbach
06.07.2022

Pilene på Oslo børs peika nedover onsdag og hovudindeksen enda med eit fall på 0,77.

Oljeprisen fortsatte vidare ned etter eit kraftig fall tysdag. Ved stengetid onsdag var prisen på eit fat nordsjøolje falle med kring 4,1 prosent og blei handla til under 100 dollar fatet.

Etter ein god vår for reiarlaga i oljeservice, har fleire fått nye fall dei siste dagane.

Golden Energy Offshore fekk det 4. tyngste fallet av selskapa på Oslo børs onsdag, og hadde den tyngste dagen av selskapa frå Nordvestlandet.

Ved stengetid var aksjekursen ned 9,5 prosent til 1,62 kroner per aksje. Den siste månaden har verdien falle med kring ein tredel, men kursen har likevel dobla seg så langt i år.

Havila Shipping fekk det nest største fallet onsdag. Aksjeverdien gjekk ned med 5,43 prosent til 14,98 kroner. Også Herøy-reiarlaget har opplevd kursfall den siste månaden, men verdien har likevel auka med meir enn to og ein halv gong siden så langt i år.

Dagens vinnar av selskapa frå nordvest var Atlantic Sapphire med ein kursauke på 3,4 prosent til 20,38 kroner for aksjen.

Kursutvikling for selskapa frå Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Atlantic Sapphire 20,38 3,40 %
Hexagon Composites 27,34 3,01 %
Norva24 Group * 36 2,89 %
Endúr 23,695 2,13 %
Hav Group 13,6 1,64 %
Salmon Evolution 8,38 0,60 %
Statt Torsk 1,98 0,51 %
Hexagon Purus 24,26 0,17 %
Havila Kystruten 20 0,00 %
Nortel 19 0,00 %
Hofseth Biocare 3,7 0,00 %
Sparebanken Møre 73,2 -1,15 %
Havyard Group 3,41 -1,30 %
Arctic Bioscience 14 -4,76 %
Havila Shipping 14,98 -5,43 % |
Golden Energy Offshore Services 1,62 -9,50 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 06.07.2022 16:47

Sist oppdatert: 06.07.2022 17:06

Mer om