Oslo børs
Nytt

Børsdagen: Nytt frå konkurrenten løfta kursen

Havila Kystruten dagens børsvinnar på Nordvestlandet.

29.11.2024

Seint i går kveld sende Hurtigruten ut ei melding om at selskapet var i mål med ei refinansiering av selskapet.

Långivarar gjorde gjeld om til aksjar og vart nye storaksjonærar, og letta dermed gjeldsbyrda i selskapet, som trafikkerer gods og passasjerruta Bergen - Kirkenes saman med Havila Kystruten.

Den transaksjonen overbevist truleg i dag ein del investorar om at verdien av Havila Kystruten var større enn dei rekna med i går.

Aksjekursen til Havila Kystruten steig frå 0,64 kroner aksjen i går ettermidddag til 0,75 kroner aksjen straks børsen opna i dag. Utover dagen fall kursen litt tilbake, men slutta på 7,05 kroner aksjen då børsen stengt, Der er 9,98 prosent opp samanlikna med i går.

Det er høgaste kurs sidan slutten av oktober. 

Artikkelen blir oppdatert etter at handelen på Oslo Børs stenger i ettermiddag, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet.

Børsdagen  
   
SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
   
Havila Kystruten0,71 9,98 %
Golden Energy Offshore Services16,80 2,13 %
Arctic Bioscience1,99 2,05 %
Hexagon Purus5,52 2,03 %
Atlantic Sapphire0,08 1,00 %
Havila Shipping2,58 0,98 %
Salmon Evolution6,68 0,91 %
Endúr63,00 0,16 %
Hexagon Composites42,30 0,12 %
Hav Group6,26 -0,63 %
Norva 24 Group*28,70-0,69 %
Hofseth Biocare1,30 -0,77 %
Romsdal Sparebank121,00 -2,39 %
Sparebanken Møre88,13 -2,51 %
* Kurs i SEK  

Publisert: 29.11.2024 16:04

Sist oppdatert: 29.11.2024 16:51