Oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
OPP: Hovudindeksen til Oslo Børs steig 2,02 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Nytt kraftig fall for Havila Kystruten

Nedtur for andre dag på rad.

02.06.2023

Over ein tredjepart av børsverdien i Havila Kystruten vart barbert bort torsdag, og kursfallet held fram fredag. Sidan årsskiftet har kursen falle over 67 prosent.

Dei siste børsmeldingane frå Havila Kystruten har handla om at selskapet er i gang med å besøke investorar som vil vere med eit tre-årig obligasjonslån på 390 millionar Euro først og fremst for å refinansierer den opphavlege gjelda til det statseigde russiske selskapet GTLK.

At det har vore planen er ikkje noko nytt. Heller ikkje kom det nokon bomber i den fullstendige årsrapporten, som var ferdig denne veka.

Årsaka til det dramatiske kursfallet dei siste dagane er dermed ikke openberr. Forklaringa kan vere at nokre investorar har blitt meir usikre på utfallet av turneen Havila Kystruten skal ha til investorane og kva som blir vilkåra i eit eventuelt obligasjonslån.

Det hjelper heller ikkje på at selskapet i dag varsla ei ny utsetjing for når dei to siste av fire skip kan settast i rute mellom Bergen og Kirkenes, frå høvesvis 23. og 29. juni til 15. og 21 juli. Det betyr at selskapet går glipp av meir av sommarsesongen enn tidlegare venta.

Starten er utsett fordi Havila Kystruten trur refinansieringa blir meir tidkrevande enn før venta.

Den børsmeldinga kom klokka 14:21. I det meldinga kom var kursen 4,10 kroner aksjen. Det var 10 øre over sluttkurs i går. Då børshandelen var over i dag hadde Havila Kystruten falle til ny botnnotering, 3,55 kroner aksjen.

Den kursen verdset selskapet til 265 millionar kroner. Like etter at Havila Kystruten var børsnotert i august 2021 var kursen 25,25 kroner aksjen.

Også Statt Torsk-kursen fall mykje i dag. Oppdrettsselskapet og Havila Kystruten var dei selskapa som fall mest på Oslo Børs. Begge fall til sitt lågaste nivå sidan børsnoteringa.

Artikkelen er oppdatert etter børsslutt, mellom anna med oversikt over dagens kursutvikling til børsnoterte selskap frå Nordvestlandet.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Golden Energy Offshore Services 1,00 6,61 %
Arctic Bioscience 10,65 6,50 %
Endúr 41,90 4,75 %
Atlantic Sapphire 5,49 3,58 %
Hav Group 9,82 3,37 %
Hexagon Composites 28,18 1,66 %
Norva 24* 26,00 0,97 %
Sparebanken Møre 75,68 0,24 %
Nortel 32,60 0,00 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,12 0,00 %
Hexagon Purus 24,20 -0,62 %
Havila Shipping 14,10 -1,40 %
Salmon Evolution 6,96 -1,83 %
Hofseth Biocare 3,04 -4,40 %
Havila Kystruten 3,55 -11,25 %
Statt Torsk 0,47 -12,31 %
*Svenske kroner

Publisert: 02.06.2023 16:29

Sist oppdatert: 02.06.2023 17:38

Mer om