Christer valderhaug arctic bioscience 11
NED - OG OPP: Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug fekk ein opptur fredag, etter botnotering torsdag. Etter at det blei kjent at selskapet må utsette bygging av fabrikken i Hovdebygda, har kursen peika nedover. Illustrasjo/foto: Arctic Bioscience/Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Opp frå botnen

Marius Rosbach
15.07.2022

Artctic Bioscience var fredagens børsvinnar av selskapa frå Nordvestlandet.

Oppgangen på 11,70 prosent til ein kurs på 14,80 per aksje, kom etter at selskapet fekk ny botnnotering torsdag. Volumet var lågt, og aksjane til fleire av selskapa frå nordvest blei ikkje omsett.

Verken Havila Kystruten-, Hav Group- eller Nortel-aksjar blei omsett fredag. Det vart heller ikkje Statt Torsk, etter at selskapet torsdag melde at dei hadde fått løyve til å doble produksjonen ved anlegget i Vanylvsfjorden.

Havyard Goup var selskapet frå regionen som fekk det største fallet på Oslo børs med ein nedgang på 4,65 prosent til 4,1 kroner aksjen.

Hovudindeksen på Oslo børs enda med oppgang på 0,76 prosent til 1.159,96.

Oljeprisen kraup på nytt over 100 dollar fatet fredag, etter eit tungt fall dagen i forvegen. Ved stengetid var prisen på eit fat nordsjøolje på 101,2 dollar – ein oppgang på kring 2,2 prosent.

Kursutvikling for selskapa frå Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Arctic Bioscience 14,8 11,70 %
Sparebanken Møre 73,49 4,05 %
Hexagon Purus 24,54 3,31 %
Golden Energy Offshore Services 1,53 2,34 %
Norva24 Group * 34,385 1,13 %
Hexagon Composites 27,68 1,10 %
Hofseth Biocare 3,69 0,54 %
Salmon Evolution 8,87 0,23 %
Nortel 18,7 0,00 %
Statt Torsk 1,98 0,00 %
Havila Kystruten 19,85 0,00 %
Hav Group 13,4 0,00 %
Endúr 23,1 0,00 %
Atlantic Sapphire 19,25 -1,99 %
Havila Shipping 13,5 -4,39 % |
Havyard Group 4,1 -4,65 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 15.07.2022 18:11

Sist oppdatert: 15.07.2022 20:05

Mer om