Statt 2
TORSKEOPPDRETT: Statt Torsk kan doble produksjonen ved anlegget i Rekvika i Vanylsvfjorden. Skisse: Statt Torsk
Nytt

Får doble torskeproduksjonen

Får utvide frå tre til seks lisensar i Rekvika i Vanylvsfjorden.

15.07.2022

Torskeoppdrettaren Statt Torsk opplyser i ei børsmelding at selskapet har fått tildelt ein auke frå tre til seks lisensar i Rekvika. Maksimum tillatt bimoasse vert dermed på 4.680 tonn torsk.

Dette vil bety både fleire jobbar og betre og meir effektiv produksjon.

- Eg er svært glad for at vi får sjansen til å bidra meir til området ved å opprette nye og trygge jobbar, seier operasjonssjef Leif Ronny Rætta i Statt Torsk, i børsmeldinga.

Selskapet har nyleg inngått ein treårig avtale om prosessering av oppdrettstorsken med Vartdal-selskapet Western Seaproducts etter at selskapet Per Stave på Leikanger på Stad gjekk konkurs.

No vert det endå meir torsk å slakte for Vartdal-selskapet, som truleg må doble antal tilsette etter avtalen.

Jaktar 24 lisensar
Rætta seier at eit større anlegg i Rekvika vil gjere drifta der meir lønsam. Etter småskala testproduksjon ved Stokkeneset, vart det i mars 2021 sett ut 235.000 fisk i Rekvika.

No opplyser Bjug Borgund, finansdirektør i Statt Torsk, at doblinga av produksjonen i Rekvika vil pågå medan dagens produksjon foregår, og vil vere ferdig til den andre produksjonssyklusen.

Etter den siste auken har Statt Torsk åtte lisensar. Målet for selskapet er 24 lisensar fordelt på fire til seks oppdrettslokalitetar, med ein total produksjon på 12.000 tonn.

Publisert: 15.07.2022 06:18

Sist oppdatert: 15.07.2022 06:42

Mer om