Gunnar Larsen Hav Group foto Hav Group
OPPTUR: Konsernsjef Gunnar Larsen i Hav Group. Foto Hav Group
Nytt

Børsdagen: Opptur etter aksjesal

Hav Group låg til å bli dagens vinnar frå Nordvestlandet - men «tapte» på målstreken.

Marius Rosbach
12.12.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Kort tid før børsen stengde låg Hav Group-aksjen an til å bli dagens vinnar av selskapa frå Nordvestlandet.

Ved 16-tida var kursen nær ved å bikke sju kroner etter ein oppgang på 10,79 prosent i løpet av dagen. Den siste halvtimen fall kursen litt tilbake. Sluttkursen vart 6,84 kroner og ein opptur på 8,57 prosent. 

Hofseth Biocare som steig brått mot slutten av dagen, vart i staden dagens vinnar frå regionen med ein opptur på 10 prosent.

Oppturen til Hav Group kjem etter at Havila Holding dagen i forvegen kjøpte Hav Group-aksjar for kring 30 millionar frå selskapet, etter krav frå storbanken DNB. 

Kravet om sal av aksjar blei kjent i kvartalsrapporten 22. november. Samtidig blei det kjent at eigarane i Havila hadde stilt ein garanti for at Hav Group var sikra å få minst 8,50 kroner per aksje. 

Sidan har aksjen falle rundt to kroner. Difor var det ikkje overraskande at Havila-konsernet var dei einaste kjøparane i bookbuilding-prosessen som blei annonsert onsdag. 

DNB har fråfalle låneforpliktingane for 3. og 4. kvartal og skal «definere en ny struktur for lånebetingelsene som bedre reflekterer HAV Groups vekstfase og prosjektbaserte virksomhet», vart det opplyst i kvartalsrapporten. 

Hovudindeksen på Oslo børs låg flatt torsdag og slutta opp 0,06 prosent til 1448,52 poeng.  

Børstabell for Nordvestlandet:

 

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Hofseth Biocarekr                   1,38 10,00 %
Hav Groupkr                   6,84 8,57 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                20,70 2,48 %
Sparebanken Mørekr                92,33 2,36 %
Romsdal Sparebankkr              123,22 1,83 %
Arctic Biosciencekr                   1,99 0,51 %
Norva 24 Group*28,85 kr  -0,69 %
Salmon Evolutionkr                   6,79 -1,02 %
Hexagon Compositeskr                46,70 -1,58 %
Endúrkr                66,50 -2,21 %
Havila Shippingkr                   2,20 -2,22 %
Havila Kystrutenkr                   0,67 -2,49 %
Atlantic Sapphirekr                   0,10 -3,63 %
Hexagon Puruskr                   5,50 -4,35 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 12.12.2024 16:16

Sist oppdatert: 12.12.2024 16:59

Mer om