Hav Group sine resultat for 3. kvartal vart offentleg tidleg fredag.
Dei viser lågare inntekter og eit større underskot enn same kvartal i fjor.
Også så langt i år er inntektene under nivået i fjor (sjå tabell under).
Les børsmelding (ekstern lenke)
Hav Group-aksjen fall frå start då Oslo børs opna handelen. Ved 10-tida var kursen 7,60 kroner - ned kring 10,5 prosent. Fallet tiltok utover dagen og sluttkursen enda på 7,02 kroner, ned 17,41 prosent.
Hav Group ASA | ||
Per 3. kvartal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 455,1 | 503,6 |
Driftsresultat | -54,8 | 22 |
Resultat før skatt | -47,3 | 26 |
Hav Group ASA | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 134,8 | 193 |
Driftsresultat | -28,9 | -21,4 |
Resultat før skatt | -19 | -18,6 |
Banken krev aksjesal
I rapporten kjem det også fram at DNB har fråfalle låneforpliktingane for 3. og 4. kvartal og at dei skal «definere en ny struktur for lånebetingelsene som bedre reflekterer HAV Groups vekstfase og prosjektbaserte virksomhet», heiter det.
Sjå Hav Group sin presentasjon av resultata for 3. kvartal (ekstern lenke)
Banken har samtidig kravd at selskapet sel eigne aksjar, og det er inngått avtale med Havila Holding om kjøp til 8,50 kroner per aksje.
Dei kring 3,5 millionar aksjane vil dermed bringe inn knappe 30 millionar og selskapet vil i løpet av kort tid sette i gong prosessen.
Fleire utsette prosjekt
Konsernsjef Gunnar Larsen fortel i ei pressemelding at det har vore eit skuffande år finansielt, men at det har vore ein oppmuntrande ordreinngang.
Samtidig som konsernet held fram med å vinne nye oppdrag, opplever dei at fleire prosjekt er skyva fram i tid.
Larsen påpeiker at dette er utsette – og ikkje tapte inntekter, og at dei reknar med betydeleg auke i inntektene neste år.
Ordrereserven er framleis på rekordhøgt nivå, og meir enn dobbelt så høg som i fjor på same tid.
Les om kontraktene frå siste kvartal - og førre kvartalsrapport under
Publisert: 22.11.2024 09:09
Sist oppdatert: 22.11.2024 22:52