Havila Kystruten Per Sævik Bernt Maritini Foto Kjetil Haanes lysere
BØRSOPPTUR: Dagen etter Havila Kystruten-eigar og sjef - Per Sævik og Bent Martini - måtte mede om ny utsetting, steig aksjen på Oslo børs. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Opptur etter dårleg nytt

Kystruten-aksjen vinnaren i Nordvest – Ørsta-selskap nær tosifra tap.

Marius Rosbach
04.04.2023

Havila Kystruten var selskapet frå Nordvestlandet som steig mest på Oslo børs tysdag.

Trass i at reiarlaget melde om nok ei utsetting for jomfruseglasen for sitt tredje skip etter børsslutt måndag, steig aksjen 4,23 prosent til 9,86 kroner.

Det verdsett Herøy-reiarlaget til 736 millionar.

Arctic Bioscience var i den andre enden av børslista av selskapa frå regionen tysdag.

Aksjen var utpå ettermiddagen oppe i eit tosifra fall og dagsverste på børsen. Då handelen slutta vart fasiten eit fall på 8,81 prosent til 10,35 kroner, og 2. plass på taparlista for selskapet med hovudkontor i Ørsta.

Måndagens oljeprisauke held fram tidleg i handelen, men ved stengetid på Oslo børs var eit fat brentolje ned 0,25 prosent til 84,56 dollar.

Hovudindeksen på Oslo børs starta positivt, men snudde i løpet av dagen til eit fall på 0,59 prosent til 1.201,41.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Kystruten 9,86 4,23 %
Salmon Evolution 8,17 1,49 %
Hofseth Biocare 2,63 1,15 %
Havila Shipping 16,28 0,99 % |
Norva24 Group * 29 0,35 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,22 0,00 %
Endúr 47,7 -0,21 %
Atlantic Sapphire 5,53 -0,54 %
Golden Energy Offshore Services 1,1 -1,26 %
Sparebanken Møre 78,5 -1,51 %
Nortel 30 -1,96 %
Hav Group 11,1 -2,63 %
Hexagon Purus 22,7 -3,20 %
Hexagon Composites 31,14 -3,41 %
Statt Torsk 1,02 -6,85 %
Arctic Bioscience 10,35 -8,81 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 04.04.2023 16:56

Sist oppdatert: 05.04.2023 09:07

Mer om