Artec aqua montasje island ingegjerd eidsvik illustrasjon foto geo salmo marius 11
ISLAND-AVTALE: Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik kan vere nøgd med ei ordrebok som stadig veks, seinast med deira første oppdrag i utlandet. Illustrasjon/foto: Geo Salmo/Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Opptur etter rekordstor avtale

Men eit reiarlag frå Nordvestland blei børsvinner.

Marius Rosbach
26.08.2022

Endúr sitt dotterselskap Artec Aqua starta fredagen med å melde om ein av deira aller største oppdrag på eit landbasert oppdrettsanlegg for laks på Island.

Dagens vinnar mellom selskapa frå regionen blei likevel Havila Shipping med ein oppgang på 9,19 prosent til 17,34.

Børsverdi på 830 mill.
Det som også er den første utanlandsavtalen for Artec Aqua løfta aksjeverdien for Endúr med 6,7 prosent, slik at dei akkurat bikka over til 30 kroner.

Det er likevel langt att til nivået kring starten av året oppunder 50 kroner. Aksjen var også over 30 kroner enkeltdagar i mai og juni.

Børsverdien for konsernet – der Artec Aqua utgjer hovedselskapet – var på 829 millionar kroner ved slutten av dagen.

Kan bli verdt dobbelt så mykje
Ålesundselskapet skal levere skal vere ansvarlig for design, prosjektering, bygging og ferdiggjering av eit anlegg for Geo Salmo.

Verdien her på mellom 1,5 og 1,8 milliardar kroner for bygging første fase av anlegget.

Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik kunne også fortelje til NETT NO at den kan bli minst dobbel så stor med dei neste utbyggingstrinna.

Det gjer den på storleik med Salmon Evolution-oppdraget på anlegget på Indre Harøy i Romsdal.

Statt Torsk-aksjen hadde svakast av selskapa frå regionen på børs fredag. Eit fall på 5,44 prosent gjorde at aksjen enda på 2,08 kroner.

Atlantic Sapphire slapp kvartalstall som betre kvalitet på fisken og lågare produksjonskostander. Nyheita fekk ei avmålt positiv mottaking med eit oppgang for aksjen på 1,83 prosent til 19,48 kroner.

Hovudindeksen på Oslo børs var ned med 0,41 prosent ved stengetid fredag.

Børstabell for selskapa frå Nordvestlandet:
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 17,06 7,43 % |
Endúr 30 6,70 %
Atlantic Sapphire 19,48 1,83 %
Norva24 Group * (ikkje avslutta) 34,38 0,41 %
Hofseth Biocare 3,41 0,29 %
Nortel 21,4 0,00 %
Arctic Bioscience 15,3 0,00 %
Havila Kystruten 17,95 0,00 %
Hav Group 13,7 -0,44 %
Hexagon Purus 24,5 -0,49 %
Havyard Group 3,745 -1,32 %
Hexagon Composites 28,7 -1,91 %
Salmon Evolution 8,74 -2,02 %
Sparebanken Møre 73 -3,18 %
Golden Energy Offshore Services 2,05 -3,76 %
Statt Torsk 2,08 -5,45 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 26.08.2022 16:38

Sist oppdatert: 26.08.2022 22:56

Mer om