Atlantic Sapphire Miami Florida foto Atlantic Sapphire 11 2021 04 21 142058 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
PÅ LAND: Atlantic Sapphire driv lakseoppdrett på land ved Miami i Florida. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Betre laks hos Atlantic Sapphire

Kvaliteten på fisken gjekk opp og produksjonskostnaden ned i første halvår.

26.08.2022

Oppdrettselskapet Atlantic Sapphire rapporterer om betre kvalitet på andre enn første runde av fisken som er sett ut i selskapet sitt landbaserte oppdrettsanlegg ved Miami i Florida.

Samstundes gjekk produksjonskostnaden per kilo ned, og selskapet reduserte underskotet frå første halvår 2021 til første halvår 2022 (sjå tabell).

Etter brannen i selskapet sitt anlegg i Danmark i fjor driv Atlantic Sapphire no berre oppdrett i anlegget ved Miami.

Der var produksjonen på 1217 tonn i første halvår. Det er ein nedgang på 58 tonn i tilsvarande periode i fjor, då det også vart produsert i Danmark.

I første halvår i år fekk Atlantic Sapphire i gjennomsnitt betalt 12 dollar per kilo for laksen, medan snittprisen på laksebørsen var omlag 10 dollar per kilo, ifølgje halvårsrapporten til selskapet.

Når første byggesteg av oppdrettsanlegget ved Miami er i full produksjon skal det levere 9500 tonn årleg.

Atlantic Sapphire har hovudkontoradresse på Vestnes, men hovudverksemda til selskapet er i USA.

Les børsmelding her

Klokka 16:30 i dag, fredag 26. august presenterer selskapet halvårsrapporten i ein videkonferanse. Klikk på linken for å følge presentasjonen

Før børshandlen opnar i dag er aksjekursen til Atlantic Sapphire 19,13 kroner som verdset selskapet til 2,9 milliardar kroner.

Atlantic Sapphire ASA
1. halvår. I mill.dollar20222021
Driftsinntekt9,710,9
Driftsresultat-12,3-49,7
Resultat før skatt-14,5-51,5

Publisert: 26.08.2022 08:51

Sist oppdatert: 26.08.2022 08:56

Mer om