Marius Rosbach og Petter Stordalen
HAR TRUA: Petter Stordalen (t.h.) er stor hotelleigar, men har óg trua på lakseoppdrettverksemda til Atlantic Sapphire frå Vestnes. Foto: Privat
Nytt

Børsdagen: Opptur etter Stordalen-kjøp

Fleire enn hotellkongen har trua på lakseoppdrettarane frå Vestnes.

Marius Rosbach
25.07.2022

Atlantic Sapphire var måndagens soleklare børsvinnar av selskapa frå Nordvestlandet. Aksjen fekk ein oppgang på 12,61 prosent til 21,34 kroner.

Det børsnoterte selskapet med adresse i Vestnes, satsar på lakseoppdrett i USA.

Var nyleg med på emisjon
Oppturen starta tidleg på dagen etter at det vart kjent at Petter Stordalen sitt selskap Strawberry Capital har auka sin eigardel.

Så langt i år er aksjekursen til selskapet likevel ned med meir enn 50 prosent.

Stordalen var mellom investorane som var med på ein emisjon nyleg. Etter dei nye aksjane er utstedt og nye aksjekjøp har no Stordalen-selskapet 4,16 millionar aksjar i selskapet. Det gjer investorselskapet til sjette største eigar.

Også Nordlaks Holdings har auka si aksjebeholdning til 4,1 millionar aksjar, ifølgje den siste aksjonærlista som mandag blei referert av fleire medier.

Kystruten dagens tapar
Havila Kystruten
var dagens børstapar av selskapa frå regionen. Aksjekursen for reiarlaget frå Herøy enda måndag ned ei nedgang på heile 10,23 prosent til 17,55 kroner. Fallet skjedde på bakgrunn av lite volum.

Mot slutten av dagen kom reiarlaget med ei melding om at mellomfinansieringa for skip nummer to, Havila Castor, er forlenge til september.

Årsaka er at arbeidet med å få på plass ei finansiering er forseinka av «tidkrevjande prosessar» kring det første skipet deira, Havila Capella.

Hovudindeksen på Oslo Børs starta negativt - og enda dagen med eit fall på 0,14 prosent til 1.292,36.

Eit fat nordsjøolje var ved stengetid opp 0,2 prosent og blei handla til kring 103,80 dollar.

Kursutvikling for selskapa frå Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Atlantic Sapphire 21,34 12,61 %
Golden Energy Offshore Services 1,56 9,09 %
Havila Shipping 15,02 4,74 % |
Hav Group 13,9 1,16 %
Sparebanken Møre 72,52 0,03 %
Statt Torsk 2,45 0,00 %
Nortel 18,6 0,00 %
Hofseth Biocare 3,65 0,00 %
Arctic Bioscience 14,05 0,00 %
Hexagon Purus 25,36 -0,59 %
Norva24 Group * (ikkje avslutta) 35,25 -0,87 %
Salmon Evolution 8,81 -1,23 %
Endúr 23,2 -2,52 %
Havyard Group 4,15 -3,04 %
Hexagon Composites 29,04 -3,84 %
Havila Kystruten 17,55 -10,23 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 25.07.2022 16:41

Sist oppdatert: 25.07.2022 17:10

Mer om