Kort fortalt
Stordalen-kjøp i Atlantic Sapphire
Oppdrettsaksjen med opptur på børsen.
25.07.2022
Petter Stordalen sitt selskap Strawberry Capital har auka sin eigardel i Atlantic Sapphire, ifølgje aksjonærlistene måndag, melder Dagens Næringsliv.
Det børsnoterte selskapet med adresse i Vestnes, satsar på lakseoppdrett i USA. Stordalen var mellom investorane som var med på ein emisjon nyleg.
Etter dei nye aksjane er utstedt og nye aksjekjøp har no Stordalen-selskapet 4,16 millionar aksjar i selskapet. Det gjer investorselskapet til sjette største eigar.
Atlantic Sapphire-aksjen er mellom vinnarane på Oslo børs tidleg måndag. Ved 10.30-tida er verdien auka med 9,87 prosent til 20,82 per aksje.
Publisert: 25.07.2022 10:40
Sist oppdatert: 25.07.2022 16:25