Forlenga finansiering for skipa
Forseinka grunna «tidkrevjande prosessar knytt til Havila Capella», melder reiarlaget.
Mellomfinansieringa for skipet Havila Castor er forlenga til september, melder Havila Kystruten måndag ettermiddag.
Bakgrunnen er at «tidkrevjande prosessar knytt til Havila Capella har forseinka prosessen med refinansieringa av skipa», ifølgje reiarlaget.
Aksjekursen var også måndagens børstapar av selskapa frå regionen. Kursen for reiarlaget frå Herøy enda måndag med ei nedgang på 10,23 prosent til 17,55 kroner. Fallet skjedde på bakgrunn av lite volum.
Forlenga mellomfinansiering
Då reirlaget tok over Havila Castor i april, opplyste dei at skipet var finansiert for tre månader. Det er denne avtalen som no er forlenga.
Kystruten har tidlegare opplyst at dei jobbar med å få på plass ei endeleg finansiering for alle skipa til hausten.
Har segla med to skip
Etter at Herøy-reiarlaget fekk klarsignal frå Sjøfartsdirektoratet i juni, kunne Havila Kystruten segle med to skip på gods- og passasjerruta Bergen - Kirkenes.
Då hadde Havila Capella vore i opplag i Bergen sidan starten av april. Årsaka var at reiarlaget blei råka av sanksjonane mot Russland i samband med Ukraina-krigen. Bakgrunnen er at skipet er finansiert av ei russisk selskap gjennom ein leasingavtale,
Publisert: 25.07.2022 15:46
Sist oppdatert: 15.09.2022 14:33