Sparebanken Møre
OPP:Eigenkapitalbevisa til Sparebanken Møre er opp over ni prosent på ein månad. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Opptur for Sparebanken Møre

Den siste månaden vore god for Sparebanken Møre-eigarane.

04.11.2024

Den siste månaden har kursen til eigenkapitalbevisa til Sparebanken Møre stige over ti prosent. Samanlikna med for eitt år sidan er kursauken på over 18 prosent.

Ut frå kursutviklinga ser ikkje pålegget frå Finanstilsynet om at eigenkapitalbeviseigarane sin eigarandel av banken må reduserast frå 49,7 til 48,7 prosent ut til å spele ei stor rolle i verdivurderinga av banken.

Mot slutten av dagen i dag steig kursen til eigenkapitalbevisa i banken til 90,39 kroner, opp 0,43 prosent samanlikna med sluttkursen fredag i førre veke

Dei tre siste åra har toppnoteringane til banken samsvara godt med utbetaling av utbytte. Investorar kjøper seg opp fram til den datoen som er teljande for å berekne utbyttet og sel seg ut etterpå. Då fell kursen, og tek seg opp att frå oktober/november. Det var mønsteret i 2022 og i 2023 og ser ut til å gjenta seg i år. 

I januar 2022 var kursen oppe i 97,8 kroner per eigenkapitalbevis. Det er rekord, og kursen var oppe i 92,40 i mars same året.

I mars 2023 var toppnotering 87,80 per eigenkapitalbevis.

Årets kursrekord er frå april, på 92,50 kroner. 

Årsaka til at Finanstilsynet har pålagt Sparebanken å endre eigarfordelinga mellom eigenkapitalbeviseigarane og den sjølveigande delen av banken er bokføring av såkalla gåvemidlar. 

Når banken betalar utbytte skal det fordeles etter eigarbrøken. Eigenkapitalbeviseigarne får sin andel utbetalt, medan den andelen som tilhøyrer den sjølveigande delen eigarskapet  blir utbetalt til gode formål, også kalla gåvemidlar. 

Noko av gåvermeidla blir utbetalt same år, andre til sett av til seinere. Det er dei avsetningane, og måten det blir bokført på, Finanstilsynet reagerer på, og meiner har gitt eigenkapitalbeviseigarne ein for stor eierandel.

Banken har ikkje avgjort om den skal klage på Finanstilsynet sitt pålegg.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med oversikt over aksjekursar til børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at Oslo Børs stengde for dagen.

Børsdagen  
   
SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
   
Endúr58,60 0,69 %
Norva 24 Group*31,350,48 %
Sparebanken Møre90,39 0,43 %
Hav Group8,46 0,00 %
Romsdal Sparebank122,90 -0,08 %
Havila Shipping2,80 -0,18 %
Golden Energy Offshore Services25,80 -0,39 %
Salmon Evolution6,69 -0,89 %
Atlantic Sapphire0,08 -1,48 %
Hexagon Composites41,00 -2,50 %
Arctic Bioscience2,34 -2,50 %
Havila Kystruten0,60 -4,91 %
Hexagon Purus6,10 -5,86 %
Hofseth Biocare1,43 -8,92 %
* Kurs i SEK  

Publisert: 04.11.2024 15:29

Sist oppdatert: 04.11.2024 16:49