Per Ivar Fagervoll foto Golden Energy Offshore Services 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
REIARSJEF: Per Ivar Fagervoll i Golden Energy Offshore Services var einaste av dei børsnoterte selskapa frå regionen som hadde grunn til å smile onsdag. Foto: Golden Energy Offshore
Nytt

Børsdagen: Opptur i blodraud marknad

Offshorereiarlag einaste selskap frå regionen med kursauke av betydning.

Marius Rosbach
04.10.2023

Golden Energy Offshore Services vart onsdagens børsvinnar av selskapa frå Nordvestlandet.

Aksjen steig med 11,81 prosent til 1,29 kroner aksjen. Reiarlaget frå Ålesund har hatt nokre gode veker på børs etter at det blei kjent at dei jobbar med å utvide flåten.

Elles var det ein stusseleg dag på børsen. Berre Sparebanken Møre av selskapa frå regionen hamna på pluss-sida, medan resten fekk kursfall.

Også hovudindeksen på Oslo børs gjekk bratt ned med 1,22 prosent til 1.247,68 poeng. Utviklinga i aksjen til flyselskapet SAS prega børsdagen elles. Kursen stupte med over 80 prosent etter at det blei kjent at dei nye eigarane tek selskapet av børs.

Oljeprisen fall også kraftig og ved stengetid var eit fat Brent-olje under 88 dollar fatet, etter å ha falle kring 3,3 prosent.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Golden Energy Offshore Services kr 1,29 11,81 %
Sparebanken Møre kr 78,50 0,10 %
Nortel kr 25,00 0,00 %
Norva 24 Group* 19,02 kr 0,00 %
Hav Group kr 8,98 -0,22 %
Endúr kr 37,80 -0,26 %
Hexagon Composites kr 26,46 -0,60 %
Salmon Evolution kr 6,16 -0,96 %
Arctic Bioscience kr 9,82 -1,41 %
Havila Kystruten kr 1,02 -1,93 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,70 -3,57 %
Atlantic Sapphire kr 1,45 -4,23 %
Hofseth Biocare kr 2,68 -4,29 %
Havila Shipping kr 9,02 -4,95 %
Hexagon Purus kr 11,80 -4,99 %
Statt Torsk kr 0,52 -13,04 %
* Kurs i SEK

Publisert: 04.10.2023 16:51

Sist oppdatert: 04.10.2023 16:51