Energy Paradise Foto Golden Energy Offshore 11
NYTT SKIP: Før helga kunne Golden Energy Offshore-reiarlaget heise flagget på sitt nyaste skip, Energy Paradise. Skipet blir sett inn i spotmarknaden denne veka. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

99 prosent flåteutnytting for Golden Energy

Reiarlaget trur på god inntening når dei sett nytt skip inn i spotmarknaden denne veka.

Marius Rosbach
02.10.2023

Ei oppdatering frå Golden Energy Offshore Services i Ålesund viser at offshorereiarlaget hadde nok å gjere i september, etter det som har vore ein hektisk sommarsesong.

Snittbetalinga per dag gjekk likevel litt ned frå 20.317 dollar i august, til 20.185 dollar dagen i september.

Flåteutnyttinga ved utgangen av månaden var på 99 prosent for dei tre PSV-ane reiarlaget har i flåten no, ifølgje børsmeldinga.

Energy Swan er leigd ut på ei langsiktig kontrakt med Repsol Norway, medan Energy Empress er leigd ut til eit langsvarig oppdrag i Karibia.

Sett inn nytt skip i spotmarknaden
Energy Duchess har vore leigd ut i spotmarknaden og det same blir Energy Paradise, som er det siste tilskotet i flåten. Reiarlaget tok fredag over den første av fire PSV-ar med same design frå Ulstein Design & Solutions, PX121.

Skipet blir sett inn i spotmarknaden frå midten av denne veka, og reiarlaget trur både Energy Duchess og Energy Paradise er i gode posisjonar til å kunne tene på det. Marknaden held fram med å betre seg i fleire regionar, ifølgje oppdateringa frå reiarlaget.

Kursauke og ny eigenkapital
Ålesund-reiarlaget har inngått avtale om å utvide flåten med ytterlegare tre PSV-ar og hente førre veke inn kring 360 millionar i ny eigenkapital for å finansiere kjøpet frå nederlandske Vroon Holding for eit samla beløp på kring éin milliard kroner.

Golden Energy Offshore-aksjen hadde ei god veke på børsen førre veke, og kursen steig kring 14,5 prosent.

Måndag starta med at aksjen først gjekk litt opp, så ned - også opp igjen. Ved 10.30-tida hadde aksjen ei kursauke på 1,14 prosent til 1,25 kroner.

Publisert: 02.10.2023 10:41

Sist oppdatert: 02.10.2023 10:50

Mer om