HAV Hydrogen Containerized H2 system 290822
FLEKSIBEL LØYSING: Hav Hydrogen har laga ein konteinerbasert system som kan plasserast på dekk på eksisterande skip, eller brukast på nybygg. Illustrasjon: Hav Hydrogen
Nytt

Børsdagen: Opptur på hydrogennyheit

Høgaste kurs sidan i fjor sommar for Hav Group.

Marius Rosbach
06.03.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Hav Group-aksjen vart måndagens vinnar av selskapa frå Nordvestlandet på børsen. Kursen gjorde eit hopp allereie då handelen starta, og enda dagen med ein oppgang på 13,39 prosent.

Det er høgaste kurs for selskapet sidan august i fjor, og prisar Hav Group til nær 445 millionar kroner.

Bakgrunnen for oppturen var nyheita frå dotterselskapet Hav Hydrogen om at dei hadde ei godkjenning frå NVE på plass for sitt nye hydrogensystem. Ikkje minst kunne de fortelje om «enorm interesse» frå reiarar om løysinga.

Selskapet kunne vidare opplyse at dei rekna med produksjonsstart siste halvdel i år. Hav Hydrogen-sjef Kristian Osnes fortalde til NETT NO at dei hadde mål om å sikre første avtale i løpet av første halvår.

Nortel-aksjen gjorde også eit hopp på børsen måndag, med ein oppgang på meir enn åtte prosent. Ingen av dei andre selskapa frå regionen hadde større auke.

Arctic Bioscience utmerka seg på taparlista med ein nedgang på 13,56 prosent til 12,75 kroner. Det var nest verst av alle selskapa på Oslo børs måndag.

Hovudindeksen på Oslo børs enda så vidt i minus med 0,04 prosent til 1.255,39.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hav Group 12,7 13,39 %
Nortel 26,2 8,26 %
Atlantic Sapphire 6,97 3,18 %
Hofseth Biocare 3,04 3,05 %
Salmon Evolution 8,21 2,03 %
Golden Energy Offshore Services 1,535 1,32 %
Norva24 Group * 31,08 0,26 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,495 -0,14 %
Havila Kystruten 9,98 -0,20 %
Sparebanken Møre 87,8 -0,23 %
Havila Shipping 18,38 -0,54 % |
Hexagon Composites 39 -1,22 %
Endúr 37,84 -1,97 %
Hexagon Purus 28,82 -3,55 %
Statt Torsk 1,425 -5,00 %
Arctic Bioscience 12,75 -13,56 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 06.03.2023 16:46

Sist oppdatert: 06.03.2023 17:09

Mer om