Forlenging for Golden Energy
MEIR ARBEID: Forsyningsskipet Energy Swan har fått forlenga kontrakten med eitt år - og opsjon på eitt til. Foto: Golden Energy Offshore
Nytt

Børsdagen: Oppturen held fram

Børsen stupte før stengetid, men kursen til Ålesund-reiarlag steig etter ny kontrakt.

Marius Rosbach
13.09.2022

Hovudindeksen ved Oslo børs var solid på plusssida det meste av tysdagen, til inflasjonstalla frå USA kom. Resultatet blei eit kraftig fall og dagen enda ned med 0,17 prosent til 1.217,47.

Golden Energy Offshore var mellom vinnaren av selskapa frå Nordvestlandet på Oslo børs tysdag, slik dei også var måndag.

Det Ålesund-baserte reiarlaget opplyste i formiddag at selskapet har sikra forlenging av kontrakten med Repsol Norge for Energy Swan. Aksjekursen enda opp med 5,39 prosent til 2,15 kroner.

PSV-en fekk i 2021 kontrakt på eitt år, med opsjon på endå eitt år, med Repsol Norge. No er det bestemt at fartøyet skal halde fram i kontrakten i ytterlegare seks månader, til mai 2023.

Partane er også samde om ein opsjon som varer fram til 1. november neste år.

Nortel var selskapet frå regionen som steig mest med 7,22 prosent til 20,80 kroner. Auken tilsvarar fallet aksjen hadde dagen føre.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Nortel 20,8 7,22 %
Golden Energy Offshore Services 2,15 5,39 %
Havyard Group 3,39 3,51 %
Atlantic Sapphire 17,4 2,05 %
Havila Kystruten 17,45 1,75 %
Salmon Evolution 8,76 0,92 %
Endúr 27,6 0,73 %
Arctic Bioscience 16 0,00 %
Hofseth Biocare 3,35 0,00 %
Norva24 Group * (ikkje avslutta) 31,32 -0,06 %
Hexagon Composites 26,94 -0,66 %
Sparebanken Møre 70,92 -0,81 %
Hav Group 11,9 -0,83 %
Statt Torsk 2,2 -0,90 %
Havila Shipping 10,12 -1,17 % |
Hexagon Purus 23,16 -1,45 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 13.09.2022 17:05

Sist oppdatert: 13.09.2022 17:10

Mer om