321694622 724850395617130 6802908137323433932 n
OPPTUR: Børsopptur for Havila Shipping. Her fleirbruksskipet Havila Foresight som fredag ettermiddag kom inn til Mongstad. Foto: Havila Shipping
Nytt

Børsdagen: Oppturen held fram for Herøy-reiarlag

Havila Shipping-aksjen opp nesten 50 prosent på ei veke.

20.01.2023

Havila Shipping-aksjonærane har hatt ei svært god veke. Fredag var aksjen på nytt av børsvinnarane, med ein oppgang på 12,36 prosent til 19,46 kroner aksjen.

Dermed har aksjekursen stige nesten 50 prosent siste veka. På heilårsbasis er oppgangen 387 prosent, og siste månaden har aksjeverdien stige 71 prosent.

Med unntak av nokre veker i fjor sommar, må ein tilbake til 2017 for å finne tilsvarande aksjekursar.

Laksestup

Elles opplyser iLaks fredag at lakseprisen no stuper etter fire veker med prisoppgang. Prisane skal vere 10-20 kroner ned, og ligg heilt nede på 75 kroner for 3-4 kilos laks.

Prisfallet såg ikkje ut til å påvirke kursen til Atlantic Sapphire og Salmon Evolution, som begge steig litt.

Ein ørliten opptur vart det også for Eqva-aksjonærane, etter at selskapet torsdag melde om at Havyard-verftet i Leirvik har sikra seg ein kontrakt på ombygging av ferja MF Vannes for Boreal.

På ein børsdag der hovudindeksen steig 0,56 prosent, var det berre tre av selskapa i nordvest som fall i verdi.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Shipping 19,46 12,36 %
Statt Torsk 1,7 2,11 %
Atlantic Sapphire 7,38 2,07 %
Hexagon Composites 33,16 1,97 %
Havila Kystruten 10,7 1,90 %
Nortel 19,4 1,57 %
Golden Energy Offshore Services 1,47 1,34 %
Hav Group 8,8 1,15 %
Endúr 27,5 1,10 %
Eqva 2,96 1,02 %
Hofseth Biocare 2,97 0,68 %
Sparebanken Møre 78,49 0,63 %
Salmon Evolution 8,18 0,25 %
Hexagon Purus 24,64 -0,56 %
Norva24 Group* 34,9 -3,06 %
Arctic Bioscience 10,95 -4,36 %
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen

Publisert: 20.01.2023 16:10

Sist oppdatert: 20.01.2023 17:49

Mer om