Offshoreflåten aukar kraftig i verdi
Bourbon Offshore-skipa langt meir verdt. Oppturen er felles for bransjen - og dei eldste skipa aukar mest.
Bourbon Offshore Norway henta på slutten av 2022 inn nye meklaranslag for verdien på sine tre forsyningsskip.
Verdien er opp omlag 40 prosent - eller rundt 80 millionar kroner - samanlikna med for eitt år sidan, seier Bourbon Offshore Norway-sjef Bjørn Idar Remøy til NETT NO.
Dei tre skipa, Bourbon Mistral, Bourbon Monsun og Bourbon Topaz, hadde ein bokført verdi på 205 millionar kroner i 2021-rekneskapen.
Gjeldfri etter restrukturering
Dei nye meklaranslaga betyr at fartøya no er verdt omlag 290 millionar kroner. Selskapet vurderer no dei nye verdivurderingane saman med revisor, i samband med arbeidet med 2022-rekneskapen, seier Remøy.
Etter ei restrukturering og refinansiering er Bourbon Offshore Norway eit gjeldfritt selskap.
Verdiauken er uansett positiv for selskapet, men for offshorereiarlaga med gjeld er den ei ekstra lette. Eigenkapitalen i selskapa stig, og kan rekne med å få betre betalt om dei sel unna skip.
Skal stige meir
I ein fersk rapport om offshore-året 2022 skriv VesselValue at verdien på både forsyningsskip og ankerhandteringsskip (som mellom anna blir brukt til å flytte riggar) vil halde fram med å stige også i år.
Selskapet samlar inn og analyserer tal for verdien på skip og fly.
Les heile rapporten her (ekstern lenke)
– Vi kan ikkje sjå at faktorane som påverka marknaden i fjor skal endre seg drastisk, så det vil fortsette å løfte marknaden i 2023, seier offshoreansvarleg i VesselsValue, Rob Day, til Finansavisen.
Eldste auka mest
Det er dei alle eldste offshorfartøya som auka mest i verdi, målt i prosent.
Fleire faktorar auka etterspørselen etter offshorefartøy i løpet av 2022, ifølgje rapporten:
- Høg oljepris.
- Investeringsauke hos oljeselskapa.
- Krig, internasjonal politisk utstabilitet og energitryggleik-spørsmål.
- Auka etterspørsel etter fornybar kraft.
- Auka aktivitet, til dømes i Saudi Arabia.
- Stigande rater.
Samstundes er tilgangen på ledige fartøy krympa, av fleire grunnar:
- Lite nybygging.
- Mesteparten av skip som har ligge ferdig hos kinesiske verft er selde.
- Færre skip ute for sal i bruktmarknaden.
- Mange skip er sendt til opphogging i løpet av nedturen som starta i 2014.
- Store offshorereiarlag har gjort seg ferdig med sine planlagde sal av skip.
- Offshoreskip er selde til andre formål, og kjem ikkje tilbake.
- Mange skip er selde til Kina, og dei kjem sjeldan attende i den internasjonale marknaden.
(saka held fram under)
Verdiauke for offshoreflåten i 2022 | |||
Tal i prosent | |||
Alder | Forsyningsskip (PSV) | Ankehandteringsfartøy (AHTS) | |
Alle storleikar | Svært store AHTS | Store AHTS | |
0 | 21 % | 43 % | 26 % |
5 | 30 % | 75 % | 54 % |
10 | 66 % | 99 % | 76 % |
15 | 134 % | 90 % | 67 % |
20 | 242 % | 46 % | 14 % |
Kjelde: VesselValue |
Spår nybygg
Innan 12-18 månedar blir dei første nye offshorefartøya bestilt, anslo analysesjef Erik Tønne i meklarselskapet Clarkson Platou på Verftskonferansen i Ålesund i november 2022.
- Vi er ganske sterke i trua på at det kjem nybygg i offshore igjen, sa Tønne til NETT NO.
Med høgare rater og aktivitetsnivå, vil olje- og gassbransjen byrje å hente tilbake offshorefartøy som har vorte utleigde til vindkraftsbransjen, venta Tønne.
Grunnen er at olje- og gassbransjen betalar betre, blant annet fordi den kan utnytte installasjonar - for eksempel kraner - på offshorefartøya, som vindkraftbransjen ikkje har bruk for.
Publisert: 20.01.2023 11:12
Sist oppdatert: 20.01.2023 20:46