Erik Høyvik CEO Eqva foto Ogne
KVINNHERAD: Erik Høvik har leia Eqva frå Herøy, men har han fått hovudkontoradresse i Kvinnherad. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Siste rekneskap som nordvestlandsk selskap

Eqva, tidlegare Havyard Group, har flytta hovudkontoret frå Herøy til Kvinnherad.

28.02.2024

Den formelle flyttinga av hovudkontoret er registrert i Brønnøysundregisteret 15. februar i år. No er det berre eit lite avdelingskontor att i Herøy. Dei operative selskapa i Eqva held til i Sunnhordland og Bergensområdet, der også hovudaksjonærane bur.

Den foreløpige rekneskapsrapporten for 2023 er den siste Eqva legg fram som eit nordvestlandsk selskap.

Les børsmelding her

Sjå resultatpresentasjonen direkte frå klokka 09:00 her

Artikkelen blir oppdatert

Selskapet aukar inntektene, og inntektsveksten er større en tabellen under viser.

Grunnen er at 2022-tala viser inntekter med verksemda i skipsverftet Havyard Leirvik. Verftet vart seld til tyrkiske Tersan Shipyard i fjor, og 2023-tala i tabellen viser inntekt frårekna verksemda til verftet i 2023.

Eqva har ikkje lagt fram tal for 4. kvartal åleine, og heller ikkje notar til den foreløpige rekneskapen.

Eqva er eit resultat av fleire prosessar:

  • Refinansieringa og reorganiseringa av Havyard Group, der fire datterselskap blei skilt ut og børsnoterte som Hav Group.
  • Etter den operasjonen omfatta aktiviteten i Havyard Group berre skipsverftet i Leirvik i Sogn, der drifta vart langt om frå nybygg til reparasjon og vedlikehald og arbeidsstokken kutta frå omlag 170 til 70.
  • I mai 2022 kjøpte Havyard Group alle aksjane i HG Group og blei eigar av BKS Holding og Fossberg Kraft. Mykje av oppgjeret skjedde med aksjar i Havyard Group, slik at seljarane - Tore Thorkildsen, Gudmund Øvrehus, Even Matre Ellingsen og Skarvelandfamilien - blei dei nye storeigarane.
  • Tidlegare storaksjonær Havila Holding eig no 13,89 prosent. I tillegg eig søskena og Havila Holding-aksjonærane Njål, Hege og Vegard Sævik tilsaman 5,37 prosent i Eqva gjennom sine private selskap.
Eqva ASA

Per 4. kvartal. I mill. kroner

2023 2022
Driftsinntekt687,2459,0
Driftsresultat18,0-19,2
Resultat før skatt-11,2-35,4

Publisert: 28.02.2024 08:49

Sist oppdatert: 01.03.2024 11:56

Mer om