Ekornes produksjon foto Ogne
DYRARE: Material- og fraktkostnadane steig i fjor, og kan stige meir i år, ventar Ekornes-konsernet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Prisauke i vente

Ekornes varslar fleire moglege prishopp i år. Blir neppe åleine.

12.04.2022

Møbelprodusenten Ekornes har allereie sett opp prisane ein gang, og det kan bli fleire. Det kjem fram i årsrapporten for 2021, som blei offentleggjort i dag.

Les børsmelding her

Selskapet ventar at både transport- og materialkostnadane vil stige vidare, og at forstyrringane i internasjonale transportkjeder vil halde fram i heile 2022.

Konsekvensen kan bli nye prisauke på Ekornes-møblane.

Lenge greidde Ekornes å demme opp for prisauken på material- og transport, men i fjerde kvartal 2021 slo prisauken inn også for Ekornes, skreiv NETT NO då den førebelse 2021-reknskapen var klar i februar i år.

Den prisauken skal auke lønsemda igjen, men no gjer krigen i Ukraina at selskapet trur det kan bli ytterlegare kostnadsauke - og dermed prisauke ut til kundane.

Ekornes er ikkje eit særsyn, dei færraste er verna mot prisauke på energi og råvarer. Difor er det truleg mange som gjer seg same vurderingar som Ekornes.

I og med at Ekornes har eit børsnotert obligasjonslån rapporterer selskapet kvart kvartal, og vil dei neste kvartalsrapportane gi heile møbelbransjen ein peikepinn om korleis marknaden tek i mot prisauken som er gjennomført, eventuelle nye.

To Arctic Bioscence-aktørar i innsideposisjon kjøpte aksjar i dag og var med på å løfte kursen i selskapet 4,10 prosent, til 16,50 kroner aksjen.

Vartdal Holding, med Arctic Bioscience-styremedlem Jan Endre Vartdal som medeigar, kjøpte 14.212 aksjar til kurs 15,4566 kroner. Vartdal Holding eig no 1.002.755 aksjar i Arctic Bioscience.

Christer Valderhaug, som tok over som toppsjef etter Ole Arne Eiksund tidlegare i år, blei medeigar i selskapet etter å ha kjøpte 10.000 aksjar til kurs 15.4925 i dag.

Valderhaiug har og ein opsjonavtale som kan gi milliongevinst, gitt at kursen stig over 31. kroner aksjen.

Publisert: 12.04.2022 17:45

Sist oppdatert: 12.04.2022 17:47