Børstabell for Nordvestlandet under
Arctic Bioscience var mellom aksjane frå Nordvestlandet som fekk ein opptur måndag.
Investorane måtte samtidig vente på ei oppdatering frå selskapet om ein større internasjonal studie. Resultata frå studien var venta å vere klare i juni – og administrerande direktør Christer Valderhaug opplyser til Nett No at dei «er på oppløpssida».
Sjekk siste børsmeldinger frå Arctic Bioscience (ekstern lenke)
Studien skal kartlegge Arctic Bioscience sitt silderognbaserte middel mot hudsjukdomen psoriasis. Håpet er at det skal bli godkjend som legemiddel.
Då dei førebelse resultata frå studien kom i fjor, viste det seg at for mange av testpersonane som berre fekk narremiddel - også oppnådde positive resultat – ein sokalla placeboeffekt.
Nyheita fekk aksjeverdien til å stupe over 75 prosent frå kring 13 kroner aksjen. I slutten av mars steig aksjen til så vidt over 6 kroner, før den fall igjen.
Dei siste vekene har verdien på aksjen svinga over og under 3 kroner.
Hovudindeksen på Oslo børs opna veka med ein opptur på frå 0,84 prosent til 1621,29 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,39 | 3,99 % |
| Atlantic Sapphire | kr 8,65 | -0,07 % |
| Endúr | kr 87,80 | -0,11 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 19,35 | -0,26 % |
| Hav Group | kr 7,20 | 3,45 % |
| Havila Kystruten | kr 1,31 | -1,50 % |
| Havila Shipping | kr 1,34 | 0,75 % |
| Hexagon Composites | kr 18,14 | 0,00 % |
| Hexagon Purus | kr 2,27 | 7,33 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,79 | 1,70 % |
| Tinde Sparebank | kr 126,40 | 0,00 % |
| Salmon Evolution | kr 6,09 | 0,16 % |
| Sparebanken Møre | kr 106,90 | 2,00 % |
Publisert: 30.06.2025 17:24
Sist oppdatert: 30.06.2025 17:26






